skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
toppbanner_livet3
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > På livet laus Sist oppdatert 15:52
 

Den harde veien

Gunder Darre Gundersen vart tidleg hekta på alkohol. Etter som åra gjekk, melde angsten og depresjonen seg. I dag er han 46 år gamal og tørrlagt - med eit liv han vil dela med andre.

Publisert 19.04.2002 10:26. Oppdatert 19.04.2002 10:35.

Den gode rusen

Gunder Darre Gundersen vaks opp på ein stor gard utanfor Namsos. Han hadde ein fin barndom, og åra som fylgde var spennande for ungguten som spelte til dans og hadde draget på jentene. Ein slurk av flaska styrkte motet. Det var ingen som tenkte at alkoholden kunne bli noko anna enn ein god rus. Men for unge Gunder som utdana seg til hjelpepleiar, tok den meir og meir over livet. Han vart alkoholikar med alt det vonde som fylgde med. Til slutt kjende han seg som eit steinhjarta, ein egoist utan andre tankar enn å halda seg sjølv gåande.

Endeleg fri

Gunder Darre Gundersen er blitt 46 år gamal og har vore tørrlagt i 7 år nå. Vendepunktet kom den dagen sjefen sa at nå er det slutt. Han var utan arbeid og alkoholen hadde skulda. Etter eit opphald på ein institusjon, tok veien til mot det nye og frie livet.
Kjenslene for andre kom tilbake ilag med livsgleda og ein ny kjærleik. Alkoholen hadde øydelagt det første ekteskapet.
I dag bur han ilag med Hanne utanfor Larvik og held kurs for andre som ynskjer å bli frie.

Av Åshild Ulstrup
På livet laus, NRK P2 den 21. og 25. april 2002


 
Søk i NRK Nettradio
Banner Redaksjonen
PÅ LIVET LAUS
Sendetider i P2:
Søndager kl. 8.30
Torsdager kl. 14.30 (R)
KOLOFON
Post: RC41, NRK, 0340 OSLO
På livet løs
Tlf: 23 04 88 64
Faks: 23 04 74 70
10 SISTE PÅ LIVET LAUS
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no