skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
toppbanner_livet3
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > På livet laus Sist oppdatert 15:52
 

Luringen frå Hardanger

Han kan tjuvfiska utan å bli teken. Bygdefolket i Norheimsund ser stort på Håkon Steine som etter år på cella og i ulike havner og favner til sjøss, endeleg fann ro - som felemaker og kunstnar.

Publisert 04.04.2002 15:22. Oppdatert 04.04.2002 15:24.

Dansa med meg?

Håkon Steine kom tidleg i søkelyset hos politiet. Då eg var 16 år - på besøk i Hardanger, var det ein staseleg kar som baud meg til dans. Eg lika meg i armane hans - til veninna mi ga beskjed: "Vakta deg for han!" Steine var 26 år gamal og alt ein kjent småkriminell. Seinare fekk eg vita om sjømannen som med vilje let båtane gå frå seg - om uteliggjaren i hovedstaden - og nå - om mannen som endeleg hadde vendt heim etter år på galeien og i cella.

Botsen som inspirerte

Det siste fengselslivet hadde Steine på botsen. Her jobba han på snekkerverkstaden og fekk høyra at han var kunstnar. For første gong vart han synt respekt, meiner han. Noko snudde då. I dag, som 78-åring, bur han i eit lite hus i utkanten av Norheimsund og lagar feler og annan treskjærarkunst.


Av og til tar han seg ein tur til utlandet, er oppom lokalavisa med ein liten historie, tjuvfiskar litt frå brua i sentrum - og det hender han har bruk for kreftene i eit lite basketak - som på trygdekontoret nyleg. Men stort sett er han å finna på verkstaden eller i den enkle stova der alt er innan rekkevidde.

Utrygg alderdom

Håkon Steine er glad i den nye heimen sin. Nedafor ligg fjorden, utanfor gror jordbær og blomar og berre litt unna veks skogen han hentar ved i.
-Men er det trygt å bu her? kan han tenkja - når han les om gamle som blir slått ned og rana.

Sjølv har han slost mykje, men aldri drepe. Han var rask med høgre-armen. I dag brukar dei kniven. Det er mangt å vera redd for når kreftene minkar og ein veit at luringar finns overalt, også i Hardanger.

Av Åshild Ulstrup,
På livet laus, NRK P2, 7. og 11. april 2002


 
Søk i NRK Nettradio
Banner Redaksjonen
PÅ LIVET LAUS
Sendetider i P2:
Søndager kl. 8.30
Torsdager kl. 14.30 (R)
KOLOFON
Post: RC41, NRK, 0340 OSLO
På livet løs
Tlf: 23 04 88 64
Faks: 23 04 74 70
10 SISTE PÅ LIVET LAUS
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no