Det ekte fjellfolket er ikkje som andre. Dei er ikkje påsketuristar på jakt etter ro og spenning på snøkvite toppar. Dei har heimen og hjarta i fjellet.
Vinden i fjeset
Engelske Trevor Dowe hadde sigla på alle hav før han kom til Gaustadtoppen. Her kjende han den same havsens vind. Her, mellom verbarka fjellbjørk, fann han roa. Ei dansk kvinne slo fylgje, og mens ho driv fjellstoga, laftar han stover og lagar han ski etter gamalt Telemarks-mønster. For her vil han leva og på Gaustadtoppen ynskjer han å døy!
Draumen om bygda
Mange av dei som har hatt sine liv på skrinne fjellgardar, har flytta til enklare kår i bygda. Ein slik gard var Bjørnebøle oppunder Folgefonna. Olaf Bjørnebøle vart fødd her i 1851, men måtte til byen for å utdanna seg til prest. Ungguten oppdaga snart at livet nedanfor vidda, ikkje kunne måla seg med uskuldslivet der oppe. Kor var Gud i alt det vonde han opplevde i byen? Då sjukdomen tok han, hadde han eitt ynskje: Å sjå fjellet igjen!
Den omvendte status
Når Anne Vågen Skindalen meiner at ikkje alt kan målast i pengar, er det ingen floskel. Djupt inni dalen ved Møsvatn, under høge fjellnutar, tviheld ho på heimen sin, åleine med ein gamal far. Skulle det koma ein ektemann til småbruket, ville han kanskje tenkja utbygging og turisme. Men ingen skal koma og øydeleggja for det som slekter gjennom århundrer har teke vare på - og som 38-åringen alt som barn lova å vera trufast mot. Men einsamt kan det vera - og strevsamt.
Trassen og gleda
Også i Snåsa-fjella vandrar ein kar som i sitt daglege arbeid mellom fjellfuru og bergnakkar - slik generasjonar har hatt før han. Oddvar starta som gjætar, men er nå fjelloppsynsmann og er så glad i naturen rundt seg at han klappar og helsar kvar stein og stuv.
Han tenkjer at snart skal hans liv ta slutt, men fjellet skal stå som det har stått - og steinane og furuene - dei skal også ha eit lenger liv enn hans. Det er så mangt å undra seg over - når ein har ro i kroppen og tid for tanken.
Av Åshild Ulstrup
På livet laus, NRK P2, 31. mars og 4. april 2002