skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
toppbanner_livet3
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > På livet laus Sist oppdatert 15:52
 

”Forstillelse er frihetens pris"

Prestedottera Margaret Fountaine (1862-1940) reiste i over seksti år verda rundt på leiting etter sjeldne sommarfuglar. Ho levde eit liv i fridom – eit liv som var utenkjeleg for dei fleste, og som ho ikkje sensurerte i sjølvbiografien sin.

Publisert 22.03.2002 14:46.
Sommarfuglar vart hennar lidenskap, ho hadde ei samling
på 22 000 da ho døydde, og som hun ga til museet i heimbyen Norwich. Ho etterlet seg også eit skrin som ikkje skulle opnast før 15. april 1978. Da skrinet vart opna, fann dei ein handskriven sjølvbiografi i tolv bind med tittelen ”Lights in the Valley”. Publikasjonen har vekt stor interesse.

Kanten av stupet

Ein vakker sommardag streifar Margaret Fountaine lykkeleg omkring på høgdene rundt Messina, og ein ung og mørkøygd sicilianar bed henne sjå seg omkring: ”Alle fuglane, sommarfuglane og blomane elskar med kvarandre,” seier han.
I sjølvbiografien skriv ho:

”Så jeg stod i mot av hele min styrke, og beviste at en kvinne har makten, både kroppslig og moralsk, til å beskytte seg mot vanære, uansett hvor nær kanten av stupet det behager henne å våge seg.”

Nytt syn på 1800-talskvinner

Anka Ryall, litteraturforskar og førsteamanuensis i engelsk ved universitetet i Tromsø, tapte hjarta sitt til reiseskildringar av kvinner da ho første gongen tilfeldig las ei slik bok: ”A Lady’s Life in the Rocky Mountains” av Isabel Bird.
Boka snudde opp ned på bildet ho hadde av kvinner på 1800- og tidleg 1900-tal. I romanane hadde ho oftast møtt kvinner som lengta bort frå eit trongt og innestengt liv. Isabel Bird reiser ut på utrulege eventyr – men er og blir ei dame, sjølv om ho har eit romantisk vennskap med ein fredlaus, alkoholisert mann - Rocky Mountain Jim: dei er to eventyrarar som møtest i fjellheimen.

Solveig ventar ikkje, ho reiser sjølv

Det klassiske mønsteret er Odyssevs på reise medan Penelope er heime og prøver å halde unna alle friarane – den ventande kvinna. Anka Ryall seier reiseskildringane inspirerer til å sjå livet som eit eventyr.
Og det er det sommarfuglsamlaren Margaret Fountaine bestemmer seg for å gjera, og vi kan følgje det livet gjennom sjølvbiografien ho tek til å skrive som 18-åring.
Ho skriv sjølvbiografien – med tittelen "Lights in the Valley", Lys i dalen - gjennom 62 år, sikkert med notering underveis, men som årlege oppsummeringar datert 15. april kvart år. Og ho testamenterer bøkene til heimbyen Norwich, med beskjed om at skrinet dei ligg i ikkje skal opnast før i 1978 – hundre år etter at ho tok til å skrive.

På 1980-talet vart det utgitt to utdrag med titlane ”Love Among the Butterflies” og "Butterflies and Late Loves", av journalisten W.F. Cater.

Etter ulykkeleg kjærleik til ein drikkfeldig irsk korsangar, riv Margaret Fountain seg laus 29 år gamal. Ein arv gjev henne økonomisk fridom. Ho reiser til Sveits, studerer sang i Milano – og finn så sin lidenskap: sommarfuglar. Og det var som sommarfuglforskar ho var kjend i samtida. Margaret Fountaine skreiv artiklar i vitskaplege tidsskrift, ho fekk eit namn. Bortsett frå sommarfuglsamlinga, etterlet ho seg også ei samling med 22 000 sommarfuglar, og mange skissebøker fulle av akvarellar som framstiller kva sommarfuglar lever av og korleis dei utviklar seg.

Menn også interessante

Det som skil henne frå mange andre kvinner med samlarinteresser i samtida er at ho gjer dette til ein livslang lidenskap, ho døyr med sommarfuglhoven i handa på den vestindiske øya Trinidad 21. april 1940.
Det som også skil henne frå samtida er at ho så direkte interesserer seg for og uttalar seg om mennene ho møter på reisene – sjølv om det ho skreiv ikkje får publiserast før lenge etter at ho er død.

Alltid dame

Kvart bind av sjølvbiografien startar med eit portrett av Margaret Fountaine, tatt at ein profesjonell fotograf.
I bind sju er ho 40 år, og vi ser henne i moteriktig høghalsa bluse og elegant oppsett hår. Ho har ho eit forhold til sin syriske assistent Khalil Neimy. Samstundes røper ho at ho er frista til å gifte seg med den britiske visekonsulen i Tyrkia.

Da skrinet med sjølvbiografien vart opna i 1978, låg det også eit brev der frå Margaret Fountaine. Ho skriv at særleg skildringa av dei første åra frå ho er atten er prega av at kvinner i hennar generasjon vart haldne uvitande om driftene sine. Sjølv har ho latt seg styre av kjensler: av at ho ville unngå eit tradisjonelt engelsk kvinneliv fylt av ”døde dagar”, og av kjærleiken til to menn: ungdomskjærleiken som sveik henne, og den syriske dragomanen som var hennar lojale partnar i 27 år:

”Sikkert er det at den mest interessante delen av mitt liv ble tilbrakt med ham, min kjære livsledsager, min trofaste og utrettelige venn og assistent i vårt entomologiske arbeid, som vi var sammen om overalt, på de vakreste, villeste og ofte de ensomste steder på denne skjønne jord. Vandringslysten og kjærligheten til villmarken forente oss i et fellesskap på tross av forskjellig stand, rase og individualitet, på en måte som var helt uforståelig for de fleste som kjente oss.”

Noko kan skje

- Kvinners reiseskildringar fra 1800 og det tidlige 1900-tallet er først og fremst om å utvide grenser, seier Anka Ryall.
- De sporer til forskjellige typer eventyr og drømmer, og de viser at vi til en viss grad kan realisere drømmene våre. Om vi tør drømme. Vi er med god grunn opptatte av trygghet, men trygghet kan innebære en type tvang. Det er klart at vi skal ikke ta overdrevne sjanser, men vi skal heller ikke la oss fange av angsten for at noe kan skje. Noe kan skje, og det er livet.


Av Astrid Brekken

På livet laus, NRK P2, søndag 24. mars og torsdag 28. mars 2002


 
Søk i NRK Nettradio
Banner Redaksjonen
PÅ LIVET LAUS
Sendetider i P2:
Søndager kl. 8.30
Torsdager kl. 14.30 (R)
KOLOFON
Post: RC41, NRK, 0340 OSLO
På livet løs
Tlf: 23 04 88 64
Faks: 23 04 74 70
10 SISTE PÅ LIVET LAUS
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no