Då Kjellrun Færøvik vart enkje for 25 år sidan, starta eit nytt liv for den tidlegare prestefrua, eit liv ho lenge heldt for seg sjølv: Som forfattar av historier "fra virkeligheten."
Tante inspirerte
Kjellrun Færøvik var fødd i Vikna i Trøndelag. Det var kustus i heimen med ein far som heldt på sine ideal. Unge Kjellrun ville ut for å bli noko: Pianist, fiolinist, forfattar. Ho hadde mange draumar då ho havna på gymnaset i Kongsberg. Her budde ho hjå tante Magnhild Haalke, forfattaren - som meinte at trong ho pengar, kunne ho vel skriva litt. Dermed starta ein liten eventyr-karriere som ga kjappe pengar.
Diktar tilværelsen
Så fridde presten. Det vart fire born, travelt prestekone-liv og ingen fleire eventyr. Det vart eit meingsfylt liv rundt om i Norge. Sånn skulle det vera. Men - for 25 år sidan døydde ektemannen. Det var hardt å bli åleine. Helsa var dårleg, dagane tunge, men fantasien levde.
Kjellrun sette seg til skrivemaskinen igjen. Det vart ingen eventyr, men historier "fra virkeligheten" for vekebladet Hjemmet - under pseudonym.
-For livet er så kort - og det ein ikkje får med seg, kan ein vel dikta! meiner den 93-årige presteenkja som stadig leverar sine kjærleikshistorier.
Og skriv ho ikkje, tar ho fram penselen og malar tilværelsen.
Av Åshild Ulstrup
På livet laus, NRK P2, 10. mars 2002