skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
toppbanner_livet3
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > På livet laus Sist oppdatert 15:52
 

Eit liv for andre

Asta Abrahamsen var 17 år då ho melde seg som soldat i Frelsesarmeen. Ungjenta frå Kråkerøy i Østfold hadde andre draumar for livet sitt enn mor hadde for jenta si. For Asta var einaste dotter og skulle overta butikken etter mor og bestemor.

Publisert 08.02.2002 09:07.

Venner som skræmde - mor.

Når Asta Abrahamsen snart skal feira sine 8o år, har ho invitert 130 gjester. Det blir gudelege og ugudelege, fattige og rike - for dei ho ikkje nådde med sin himmelske bodskap, har ho hjulpe med sin kvardag på jorda. Men mange av dei som skulle vore med, er borte - som Per, ungdomens dansepartnar som ho seinare møtte igjen som alkoholisert uteliggar. Ho skaffa han hus og arbeid - og fylgde han gjennom sjukdomen til grava.
Narkomane ho hjalp gjennom åra i København, ville nok også hatt eit ord med i laget.

Ein dag ho gjekk ilag med mor si på Karl Johan, var det mange av desse som vinka på henne. Mor såg på dei og spurde dotter si: "Kjenner du ikke noen normale mennesker, Asta"

Frå frelse til salg

Asta Abrahamsen pensjonerte seg 65 år gamal. Mor var blitt skrøpeleg og nå var det ho som trong Astas hjelpande hand. Likevel vart det for lite å ta seg til for ei framleis aktiv jente.

Ein dag las ho ein annonse frå eit hudpleiefirma. Dei søkte etter kvinner frå 18 år og oppover som kunne farta rundt og selja varene deira. Asta visste ikkje mykje om hudpleie, men kvifor ikkje? tenkte den aldrande majoren og fekk jobben. Året etter var ho den mestseljande.

Men ikkje alle tykte om skiftet - og ei kvinne spurde om ho ikkje hadde mista sitt åndelege verde nå. Dama hadde hud som ein tørr trestubb, og Asta Abrahamsen svara med å gje henne ein prøvetube av sin beste krem.

Av Åshild Ulstrup
På livet laus, NRK P2, 10. februar 2002


 
Søk i NRK Nettradio
Banner Redaksjonen
PÅ LIVET LAUS
Sendetider i P2:
Søndager kl. 8.30
Torsdager kl. 14.30 (R)
KOLOFON
Post: RC41, NRK, 0340 OSLO
På livet løs
Tlf: 23 04 88 64
Faks: 23 04 74 70
10 SISTE PÅ LIVET LAUS
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no