skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
toppbanner_livet3
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > På livet laus Sist oppdatert 15:52
 

To brør, eitt krigsdokument

Knut Rabbe visste at han var ettersøkt, så då det ein tidleg morgon dundra på døra i heimen hans, hoppa han frå annan etasje rett i fanget på ein tysk soldat, men kom seg unna. Tilbake sat ein uskuldig bror som fekk betala.

Publisert 18.01.2002 11:41. Oppdatert 18.01.2002 11:41.



Farleg bindeledd

Knut Rabbe frå Røldal hadde kontakt med tungtvannssabotørane på Rjukan. Då kontaktane han hadde skaffa i Suldal, vart arresterte, rømde han til fjells. Her hadde han kontakt med andre motstandsfolk. Så - i februar månad i 1945, mens dei ennå gøymde seg her oppe, vart det frå London bestemt at Rabbe skulle heim igjen og vera bindeleddet mellom distrikta på Vestlandet og i Telemark. Alle visste at dette var eit arbeid som innebar stor risiko for Knut. Han visste for mykje og kjende for mange. Det var difor med uro han vende tilbake til Røldal.



Sleppet over Røldalsvatnet

Knut Rabbe hadde fått melding om eit flyslepp med våpen. Sleppet skulle koma på vidda, men havna på Røldalsvatnet.Ikkje lenge etter omringa tyske soldatar bygda. Ein tidleg morgon dundra det på døra heime hos Rabbe. Nokon ville snakka med Knut,sa lensmannen. han skalv i røysta. Knut ba dei venta til buksa kom på, men nytta høvet til å hoppa frå soverommet rett i snøen og i fanget på ein soldat. Men Knut var kjapp, kom seg unna og i regnet av maskingevær-kulene flaug han over bøane til elva og vidare til skogs. Broren Åsmund - som ikkje visste noko han ikkje skulle vita, vart også redd og rømde - men vart tatt og torturert.

Krigen i minnet

Etter krigen heldt Knut Rabbe fram på farsgarden i Røldal. Idag kjem tyske turistar og tittar på landskapet. Ein av soldatane frå dengong har til og med drukke kaffi i stova hans. Det var soldaten som tok seg av broren då han låg skamsått i kjellaren og sa at dette skulle ikkje ha hendt.

Knut er ferdig med krigen, men har ennå litt dårleg samvit ovafor broren som måtte svi for han. Mens broren, Åsmund - tidlegare statsmeterolog, som nå bur i Bærum, trass i skadene han fekk, ikkje ber agg til broren.
-Bror min var den modige. Eg var nok feigare, seier han.

Av Åshild Ulstrup
På livet laus , NRK P2, 20, januar klokken 0830


 
Søk i NRK Nettradio
Banner Redaksjonen
PÅ LIVET LAUS
Sendetider i P2:
Søndager kl. 8.30
Torsdager kl. 14.30 (R)
KOLOFON
Post: RC41, NRK, 0340 OSLO
På livet løs
Tlf: 23 04 88 64
Faks: 23 04 74 70
10 SISTE PÅ LIVET LAUS
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no