skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
toppbanner_livet3
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > På livet laus Sist oppdatert 15:52
 
Antonio Bibalo -

80-års drama i liv og tonar

Då Antonio Bibalo i haust vart tildelt statens æresstipend på 200 000 kroner årleg, var det nokon som undra seg. Kven er denne mannen som var barn i Trieste, soldat i Mussolinis og Hitlers hær, jazzpianist i Framandlegionen - og nå komponist og æresstipendiat i Norge?

Publisert 11.01.2002 10:00. Oppdatert 11.01.2002 10:04.

Endeleg ro

Då Antonio Bibalo i 1956 busette seg i ei lita hytte i utkanten av Larvik, hadde livet hans tatt mange dramatiske omveier. Her - i krattskogen med blikk mot havet, fann langveisfararen endeleg roa han lengta etter. Bibalo kom då frå London der han studerte komposisjon. Nå kunne han for alvor ta til.

Idag blir Antonio Bibalos verk spelt både i Europa og USA. Mange kallar han opera-komponist, men Bibalos musikk fevner langt vidare.

Fartein Valen-inspirert

Bibalos første komposisjon i Norge var ein fiolinkonsert til minne om Fartein Valen. Valens musikk var det få som likte den gongen. For Bibalo vart det ein revolusjon.

Starten på livet i Larvik var likevel hardt for ein framand som vart mistenkt for å vera spion, men kunstnarane tok imot han. M.a. møtte han Wildenvey og vart så inspirert av poesien i diktet hans "Natten" at han laga: "Simfonia Notturna."

Idag er Bibalo æresborgar av byen, riddar i 1. klasse av St. Olavs orden og nyleg var han i Trieste for å ta imot heimbyens pris for sitt arbeid.

-Bli pianist! sa mor

Antoni Bibalo var fødd i ein fattig arbeiderfamilie i Trieste i Nord Italia. Far døydde då guten var 5 år gamal og mor var ikkje nådig i sin oppdragelse. Sonen skulle bli konserpianist og vart dytta til pianoet frå han var 6 år gamal. Ingen i familien hadde musikk i årane bortsett frå bestefaren som song i kyrkja når han var full. Antonio var lydig, spelte, men hata pianoet - men 14 år gamal hende det noko: Guten oppdaga at han sjølv kunne laga musikk og tok timar i komposisjon utan at mor visste det.

Men draumen om å bli komponist fekk snart ein knekk. Krigen kom og Antonio vart innlemma i Mussolinis hær, havna sidan som soldat hos Hitler, vart fanga av amerikanarane, spelte jazzmusikk i Framandlegionen, vart sjuk og kom tilbake til Trieste - før veien endeleg førdte han nordover - og enda i ein krattskog ved Larvik.
Den 13. januar fyller han 80 år.

Av Åshild Ulstrup
På livet laus, NRK P2, 13. januar 2002


 
Søk i NRK Nettradio
Banner Redaksjonen
PÅ LIVET LAUS
Sendetider i P2:
Søndager kl. 8.30
Torsdager kl. 14.30 (R)
KOLOFON
Post: RC41, NRK, 0340 OSLO
På livet løs
Tlf: 23 04 88 64
Faks: 23 04 74 70
10 SISTE PÅ LIVET LAUS
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no