Huldra i tunnellen
Då Torbjørn Røberg kom til Lærdal, var det ikkje for å sanka segner. Han var ingen folkeminnegranskar. Men det var på folkemunne han fann stoffet.
Den første segna var om jenta som vesle juleftan vart bergteken akkurat der tunnellen skulle starta.
Til slutt hadde han opptak av 88 segner knytta til landskapet kring tunnellen, segner om troll og huldrer, gudar , folk og fe.
Mange av segnene var knytta til spor i naturen, t.d. var det hjulspor etter Odin si vogn, Jøtulmannen i steins form kneikja over villmarka, men den mest spennande turen gjekk via segna til berget som gøymde på dei største helleristningane til nå.
Den farlege jula
Ikkje alt kring jul er av det vakre slaget. Den som hadde julegeita i nærleiken, var i stadig fare. Ho var stygg og ragget og på jakt etter ulydige born, fortel Marit Hoel frå Sunndalen.
Julereia som i ulike strøk kom til ulike tider, var heller ikkje å spøkja med. Ingen var ute den kvelden, fortel 90 år gamle Guri Lykken frå Valdres, for den kvelden kunne enda med drap.
Dekka til jolesveinane
Guri Lykken er ei av dei som ennå lever etter tradisjonar som for dei fleste høyrer til i folkeminnearkivet. Så lenge ho har levd, har duka bordet til jolesveinane som jolekveldsnatta kjem ridande på brune hestar for å eta lutefisken og ho har laga til. Elbjørgskvelden etter jul tar ho ei skei med øl og kastar i varmen med orda: "Eg drikke deg te'"for å verna seg mot elden.
Det var viktig den gongen dei berre hadde levande lys,
fortalde også Daniel Hoftun frå Suldal. Lyset verna mot vonde makter. Det same gjorde tjørekrossen over fjøsdøra. Det var den gongen bonden gjekk til dyra sine og sa god jul til kvar av dei.
Av Åshild Ulstrup
På livet laus, NRK P2, 23. desember 01