Då forsvarets forskningsinstitutt etterlyste forskarar som ville prøva seg på nervegass, var Gunnar Aksnes den einaste som som takka ja. Den nyutdanna realisten hadde alltid levd med sterk vitetrong. Nå fekk han sjansen - og vart den første i Norge som framstilte nervegassen sarin
Frå bladán til satán
Gunnar Aksnes var født på ein fruktgard i Norheimsund i Hardanger. Her hadde han ein bestefar som formidla sin kunnskap til gutungen. Gunnar ville vita kva som låg bakom det som låg bakom.
Då han som ung forskar endeleg hadde blanda komponentane til nervegassen som kunne drepa alt levande liv, fyltes han fyrst av intens glede - men så - vart han skræmd og sa til seg sjølv: " Nervegassen som tok livet av insekta i frukthagen heime, heitte bladán. Denne som kan ta livet av oss alle, kallar eg satán."
Den 75 år gamle professoren har mange tankar om arbeidet sitt den gongen - om forskaren sitt dilemma: Skal - skal ikkje?
Nervegass var ikkje nytt i krigføring. Norge måtte vita korleis ein skulle beskytta seg. Då måtte ein og kjenna til framstillinga av gassen, meiner Aksnes som alt frå ungdomen brukte lyrikken som ein slags terapi,dikt om stein og mose - og om ho som eingong sveik han.
Av Åshild Ulstrup
På livet laus, NRK P2, 16. desember 2001