Då den engelske soldaten, Poul Richards, kom til Voss for å ta del i ein militærmanøver, møtte han eit landskap som vart reine gledesjokket for ungguten. Han kom frå ein grå gruvelandsby til ei snøkvit Vosse-bygd. Her ville han leva! Idag er han verten på Jaunsen gjestegard i Hardanger
Gjester kan nok undra seg når dei på ein av dei eldste gjestegardar i Hardanger, blir helst velkomen på harding-engelsk av ein kar med armar overdynga av tatoveringar, alltid så smilande.
Militær - eller kriminell
Poul Richards hadde tenkt seg ein karriere i det militære. I den vesle kolgruve-landsbyen han kom frå, var det to veier for dei unge: Den militære eller den kriminelle. Det var fattige heimar, også hos Poul. Far arbeidde i kolgruva sidan han var 14 år. Poul hugsar han som ein svart mann. Mor jobba i ein fabrikk og kom heim med hender fulle av metallfliser som borna måtte plukka ut.
Gledesjokket
Det er ein uvanleg lykkeleg vert gjestene møter på Jaunsen gjestegard i Hardanger. Møtet med landet vårt, det snøkvite vinter-landskapet, den blømande vår i Hardanger og den reine lufta overalt gjorde slikt inntrykk på guten frå kolgruve-samfunnet at han vart her. Dertil vart han forelska, så idag brukar han og kona alle sine krefter og pengar på å driva og halda ved like den vesle gjestegarden.
Av Åshild Ulstrup
På livet laus, NRK P2, 8.juli 2001