Arven frå skogen
Maria Malmsten Steinkopf kom til Norge frå ei lita bygd i den jämtlandske skogar. Her kjørte ungdommen gamle Volvoar om sommar og snøscootarar om vinteren. Pinsemenigheten held til på den eine sida av veien, danselokalet på den andre. Som dei fleste i bygda, tilhøyrde familien arbeiderklassen - og livet skulle vera gitt. Det var det ikkje for unge Maria. Ho ville ut, men ante nok ikkje at det ho skulle byggja framtida si på, var arven frå skogane heime.
Jonsok i Jämtland
Som vi feirer 17. mai, feirer svenskane jonsokaftan. Frå tidleg morgon til langt på natt er det fest. Familien samlast, gamle og unge er med. Det var ikkje minst denne høgtida som fekk Maria til å interessera seg for huldra og folkemusikken. I dag har ho gått inn i huldrerollen på øya Stord, i spel, song og musikk.
Fargerik heim
Maria fekk sin presteson i Norge. Ho fekk fire born, katt og kaniner og har ein heim der eigne og andres born har fått boltra seg fritt. På kjøkenet står det gjerne oppvask, men den får ingen auga på. For her er det skap og skuffer som fangar augo: Teikningar laga av små og store born. I stovevindauga står siste barnekunst - flasker med ulikt innhald. Slikt blir det stolte born av, meiner Maria.
Av Åshild Ulstrup
På livet laus, NRK P2, 24. juni 2001
Reprise 27. og 29.6
.