skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
toppbanner_livet3
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > På livet laus Sist oppdatert 15:52
 
Komponisten som tvilar på alt -

Henning Sommerro -

Henning Sommerrop likar ikkje tittelen komponist. Bondeguten frå Surnadal med eit hundretals komposisjonar bak seg, kallar seg sjølv ein narr. For ikkje har han meining om noko og på valgdagar gøymer han seg bort.

Publisert 04.05.2001 12:38. Oppdatert 30.11.2001 10:06.

Beatles-fan i bygda.

Henning Sommerro, mest kjend for songen Vårsøg, er bondeson frå Surnadal på Nordmøre. Her var mor inspirasjonen. Ho hadde vore sæterjente og kunne dei gamle tonane. Og då Henning og kameratane spelte Beatles så stova rista og mor fekk migrene, song ho med.

Tvilar som faren

Far var bonde som ville bli noko anna. Det var dessutan lite framtid for garden. Så far vart ein tvilar og sonen arva far sin. Til dags dato har Henning Sommerro aldri teke ein skikkeleg standpunkt, med unntak av jenta han valde til kone. Sjølv det tok tid.

Ikkje berre Vårsøg

Dei fleste kjenner Henning Sommerro for tonane til Vårsøg. Samarbeidet med tekstforfattaren Hans Hyldbakk har inspirert til mange songar frå heimbygda,men flest komposisjonar har Sommerro laga til kyrkja og teatret.


Av Åshild Ulstrup
På livet laus, NRK P2, 6. og 10. mai 2001


 
Søk i NRK Nettradio
Banner Redaksjonen
PÅ LIVET LAUS
Sendetider i P2:
Søndager kl. 8.30
Torsdager kl. 14.30 (R)
KOLOFON
Post: RC41, NRK, 0340 OSLO
På livet løs
Tlf: 23 04 88 64
Faks: 23 04 74 70
10 SISTE PÅ LIVET LAUS
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no