skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Slutt på eigendel på datamaskinar

Det kan bli slutt på eigenandelen på datamaskinar i skulen.
Eigendelen er i strid med utdanningslova.

Publisert 02.05.2001 15:27. Oppdatert 02.05.2001 16:04.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Frå første januar må elevar med skrivevanskar sjølve betala 2000 kroner for å få det datautstyret dei treng for å kunna skriva rett. Men denne eigenbetalinga kan vera i strid med opplæringslova, og no vil sosialministaren vurdera det på nytt.

I dag tok stortingsrepresentant Åse Wisløff-Nilssen frå Kristeleg Folkeparti opp saka i Stortinget. Ho er også leiar i Norsk Dysleksiforbund. Og det er særleg folk med dysleksi og andre skrivevanskar som blir ramma av denne eigendelen.

Dei treng retteprogrammet på datamaskina for å gjera skulearbeidet. Utan retteprogram, blir det mykje feilskriving for dei som har vanskar med å få bokstavane til å bli forståelege ord. Difor har desse krav på å få låna datamaskin via hjelpemiddelsentralen. men frå første januar kostar det 2000 kroner. Det kan vera i strid med opplæringslova, og sosialminister Guri Ingebrigtsen lovar å sjå på eigendelen ein gong til.

LENKER

 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no