Skule-elevar med skrivevansker må betale ein eigenandel på 2000 kroner for å få det datautstyret dei treng. No er skulefolk redde for at dette skal trua prinsippet om lik rett til utdanning. Frå første januar vart det innført ein eigenandel på datautstyr til elevar med til dømes dysleksi eller andre skrivevanskar. For elevar med slike vanskar er retteprogrammet på datamaskina naudsynt for å kunna gjera leksene sine. Men no har eigenandelen ført til at langt færre søkjer om datamaskinar.
Utdanningsminister Trond Giske meiner eigenandelen bryt med prinsippet om lik rett til utdanning, og vil ha fjerna eigenandelen for skuleelevar. I sosial og helsedepartementet arbeider dei med saka på nytt. På onsdag møter sosialministeren i Stortinget for å svara på eit spørsmål om framtida til eigenandelen på datamaskinar til elevar med skrivevanskar.