skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Støtter kakekasting på politikarar

I Bergen kastar unge jenter bløtkake for å få billige hyblar. Bergen Bløtkake Brigade slo til for første gang onsdag. Då var det Sylvia Brustad som fekk kake i fleisen.

Publisert 26.04.2001 15:44. Oppdatert 26.04.2001 17:19.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
No får dei støtte fra RV-leiar Aslak Sira Myhre.
- Kakekasting er ikkje nokon terroraksjon, men ein fin måte å ytre seg på, seier han.

Kasta og forsvann

Sylvia Brustad var på veg inn i eit Bergenshotell for å delta på konferanse om bustadbygging. Då vart ho møtt av to unge jenter som såg ut som om dei ville gi blomar til kommunalministeren. I staden kasta dei bløtkake på Sylvia Brustad.

Dei som kasta kaka, gav statsråden eit flygeblad og forsvann. Sylvia Brustad har no meldt kakekastarane til politiet og synest ikkje det var morosamt å få ei kake i fjeset. Ho meiner dei i staden burde ha snakka med henne. I Oslo har ho samarbeidd med bustadaksjonistar for å skaffa bustadlause tak over hovudet. Mellom anna har kommunaldepartementet løyvd 150 000 kroner til nye billig-bustader i hovudstaden.

Uråd å snakka

I Bergen meiner bustadaksjonistane at det er uråd å snakka med politikarar. Dei berre lovar utan å gjera noko med det. Difor har dei okkupert hus på universitetsområdet i Bergen, og dei har danna Bergen Bløtkake Brigade.

Aslak Sira Myhre meiner aksjonistane har fått fram saka si på ein fin måte.
- Kakekasting er ein mild form for opprør. Dette er ikkje terror eller vold, seier han.
Myhre og politisk rådgjevar i kommunaldepartementet, Marianne Aasen Agdestein, braka saman i duell i Her og Nå.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no