NSB meiner framleis det var nødvendig å leggja ned fleire togruter for å ha nok lokførarar andre stader.
Mangel på togførarar vart brukt som den viktigaste årsaka til at NSB la ned Bratsbergbanen i Telemark og Arendalsbanen sist haust. I tillegg har NSB lagt ned omlag 80 togavgangar for å kunna disponera togførarane i Oslo-området.
Men no meiner lokomotivmannsforbundet at det er nok togførarar. Toga på Bratsbergbanen burde kunna gå igjen om fire veker, meiner forbundet.