I Trondheim samarbeider unge opprørarar og kommunale byråkratar for å laga ein ny alternativ bydel. Den gamle arbeidarbydelen, Svartlamoen, skal ikkje lenger rivast, men derimot bli husvære for folk som vil bu billig.
På slutten av åtti-talet tok unge opprørarar til å flytta inn i den gamle nedslitte og rivingstrua bydelen der ingen ville bu. I mange år slåst dei mot kommunen for å hindra riving.
I fjor vedtok bystyret at husa på Svartlamoen skal stå. No samarbeider dei tidlegare motstandarane om å laga ein ny og annleis bydel. Kommunale utleigebustader med låg standard er tingen for opprørane på Svartlamoen.