Unge VenstreUnge Venstre har hatt landsmøte og der har dei vedtatt å gå inn for fleirgifte eller polygami. Dei vil også tillata sal av hasj og andre narkotiske middel. Publisert 17.10.2006 12:32. Oppdatert 01.11.2006 12:49.Det er ungdomens privilegium å utfordra gamle sanningar og koma med nye tankar. Dei politiske ungdomsorganisasjonane har til alle tider vedtatt resolusjonar som dei gamle og etablerte har rista på hovudet av. Men i somme tilfelle har framlegga frå dei unge og radikale dukka opp att lenge etterpå og faktisk blitt realiserte. Om dette vil skje med dei resolusjonane Unge Venstre vedtok på Elverum i helga, står att å sjå.
Det er f.eks. liten fare for at vedtaket om å gjera det lovleg å bruka hasj og andre narkotiske middel får umiddelbart gjennomslag i Venstres stortingsgruppe. Det blir meldt frå Elverum at Lars Sponheim rista på hovudet då saka vart diskutert.
Det står ikkje noko om korleis han reagerte på framlegget om å tillata fleirgifte eller polygami som det heiter med eit framandord. Kanskje dei venta med den diskusjonen til partiformannen var reist frå landsmøtet.
Men etter det avisene opplyser, meiner altså eit fleirtal på Unge Venstres landsmøte at Noreg bør oppheva forbodet mot polygami - ekteskap mellom fleire personar samtidig. Det er ikkje statens oppgåve å blanda seg inn i korleis folk regulerer sambuarforhold eller ekteskap, meiner dei unge venstrefolka.
Med dette har dei demonstrert for all verda at Venstre framleis ønskjer å vera eit radikalt parti som stiller spørsmål ved gamle sanningar, nett som venstrefolk gjorde då dei stifta partiet i protest mot embetsstaten og sloss for parlamentarisme, religionsfridom og andre gode saker. Men det uklart kva som har fått Unge Venstre til koma med eit slikt framlegg akkurat nå. For vår del har vi i alle fall ikkje registrert at det er noko folkekrav å få innført fleirgifte. Statistikken syner vel heller at det er problematisk nok for mange å halda ved lag tradisjonelle ekteskap mellom ein mann og ei kvinne.
Unge Venstre kan sjølvsagt ha henta inspirasjon hos Muhammed eller hos mormonane. Vi lever jo i ei globalisert verd, så det kan vel henda at venstreungdomen vil demonstrera at dei ikkje lenger vil vera bundne av nasjonale, norske tradisjonar.
Nå ventar vi spent på kva kommentarar vi kan få frå Lars Sponheim, Odd Einar Dørum og dei andre i moderpartiet. Vi som hugsar tilbake ei stund, kan jo leika oss med å tenkja på kva ein gamal Venstre-veteran som Bent Røiseland ville ha sagt til at partiet hans skulle gå inn for ekteskap mellom fleire personar samtidig.
|