Uvelkomne gjesterAfghanarar protesterer mot å bli utviste, den utviste mulla Krekar seier at han gjerne vil reisa frå landet. Det er ikkje lett å driva flyktningepolitikk i desse dagar.
Av Egil Johan Ree Publisert 23.06.2006 10:59. Det er ikkje lett å vera vertskap når ein får brysame gjester. I Oslo gjorde gruppa av afghanarar livet vanskeleg for seg sjølv og regjeringa då dei sveltestreika i protest mot å bli sende tilbake til heimlandet. Nå har dei fått ein galgenfrist slik at vi i alle fall førebels slepp å sjå at dei svelt i hel.
Og ikkje før hadde afghanarane tatt til seg mat igjen, så klemmer ein endå meir uvelkomen gjest til med friske meiningsytringar. Vi veit jo for så vidt kva mulla Krekar står for, og utvist er han, men han gjer det ikkje lettare for seg når han igjen gir seg til å skryta av Osama bin Laden og hyllar terroristleiaren i Irak, al-Zarqawi, som amerikanarane nettopp tok livet av. Vesten og islam er i krig, seier mulla Krekar, og den krigen skal vi vinna, seier han.
Kva gjer vi med slike brysame folk? Om dette er meiningane delte. I visse krinsar er saka enkel og grei. Ut med dei alle saman! Andre ser meir nyansert på det og meiner vi har visse plikter som ein demokratisk og menneskevenleg nasjon og difor bør tenkja oss om to gonger før vi eventuelt sender folk tilbake til utrygge og kaotiske land.
I regjeringspartia er det meir enn ei meining. Den ansvarlege ministeren Bjarne Håkon Hansen er tydeleg nok. Ein skal ikkje kunna svelta seg til opphald i landet, seier han. Men i SV synest dei ikkje det er så enkelt. Her bør vi vera romslege og sjå på saka ein gong til, meiner dei. Slik usemje er ikkje gunstig for ei regjering som gjerne vil tala med ei røyst for ikkje å falla endå meir på meiningsmålingane.
Afghanarane har fått eit pusterom, men tar visst til å kjenna seg førde bak lyset, så nå trugar dei med ny sveltestreik.
Med den vidløftige mullaen er det heller ikkje så enkelt. I fjor protesterte han mot utvisinga og sa at det ville vera eit brotsverk å senda han ut av landet. Nå har han visst kome på andre tankar, for nå seier han at han vil tilbake til Irak og slåss mot amerikanarane. Det var sjølvsagt musikk i øyro til statsråd Hansen som på flekken lova han både reisepapir, drosjepengar og flybillett. Så lenge han reiser frivillig, treng vi visst ikkje ta omsyn til at han har sterke fiendar i heimlandet som gjerne kan tenkja seg å ta livet av han.
Nei, det er ikkje lett å driva asylpolitikk, og skal vel ikkje vera det heller. Vi vil gjerne vera hyggelege med folk som kjem hit, men vi kan ikkje ta imot alle heller, så ingen bør misunna dei som skal avgjera kven som skal få bli.
|