Oskeladden misforståttMilliardæren Stein Erik Hagen tar eit oppgjer med den norske folkesjela. Vi drøymer om Lotto-gevinst og dyrkar Oskeladden, medan vi gløymer Per og Pål som jobbar og slit.
Av Egil Johan Ree Publisert 11.05.2006 14:21. Stein Erik Hagen likar ikkje Oskeladden. Han er og skeptisk til Lotto-millionærar. Det einaste dei har gjort er å fylla ut ein kupong. Slikt er ikkje ærleg arbeid. Og så betalar dei ikkje ein gong skatt på pengane.Lotto-millionærane er blant dei fremste heltane i landet, seier Hagen. Når nokon greier å tena pengar, er det faktisk mystisk her i landet, hevdar milliardæren.
Han er resignet og vil ikkje gjera noko med det, for det er dette som er folkesjela vår, trur han. Espen Oskeladd er helten som stikk avgarde med prinsessa og halve kongeriket. Brørne hans jobbar og slit, men får ingenting.
Sjølv har Hagen tent seg rik på å selgja kolonialvarer til oss. Det gjorde mange før han, men han var lur og fann ein måte å gjera det på som trekte folk til butikkane hans fordi han kunne selgja varer billegare enn andre. Folk med slike glupe idear blir gjerne omtala som oskeladdar i jubileumsskrift og nekrologar.
Så då må vi kanskje lura på kor grundig den gode Stein Erik Hagen har lese folkeeventyra våre. Heltane hans er Per og Pål som jobbar og slit, som han seier. Vi andre minnest dei to kjepphøge brørne som drog til skogs og skulle hogga skog for å hjelpa faren å betala gjeld. Då trollet kom og truga dei, vart dei redde og stakk heim. Oskeladden, derimot, var lur, så han fekk trollet til å hogga massevis av tre for han lokka det til å eta graut og skjera hol på magen.
Per og Pål var hjartelause og brydde seg lite om fattige og hjelpelause folk dei møtte på vegen. Dei mislykkast med det meste dei prøvde seg på. Oskeladden var omtenksam og hjelpsam. Lur var han og, og samla med seg ting som brørne hånleg oversåg, men som han trudde kunne koma til nytte.
Han sleit vel ikkje så mykje, Oskeladden, men han var smart i tillegg til å vera snill og omtenksam. Litt psykolog var han og, og ikkje redd for å utfordra autoritetar og gamle sanningar.
Stein Erik hagen har sikkert jobba hardt og lenge for å bli milliardær, og må gjerne synast at det er latterleg at nokre ganske få av oss blir tippe- og Lotto-millionærar berre ved å fylla ut nokre kupongar. Men når det kjem til stykket er det vel oskeladdane blant oss , dei med utradisjonelle idear opg pågangsmot som får verda til å gå framover. Hagen bør kanskje ta fram Asbjørnsen og Moe og lesa ein gong til før han utropar Per og Pål til heltar.
|