skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Er Omega 3-fettsyrer godt for oss?

Lenge har vi høyrt at det er sunt å eta fisk, for i fisk finst det Omega 3-fettsyrer som er godt for hjartet. Nå kan det sjå ut til at vi også kan få bacon og koteletter med Omega 3, men spørsmålet er kor sunt det er.
Av Egil Johan Ree

Publisert 03.04.2006 13:50.
Vi er alle opptatt av helsa vår, jamvel om vi ikkje alltid lever så sunt som vi burde gjera. Forskarar fortel oss ustanseleg kva vi bør eta og kva vi bør unngå om vi vil halda oss sunne og friske, men jo fleire meldingar dei sender ut frå laboratoria sine, jo meir forvirra blir vi.

Det siste nye, som vi kan lesa i avisene i dag, er at vi snart kan eta bacon og svinekotelettar med godt samvit. Amerikanske forskarar har nemleg genmanipulert griser slik at dei nå kan leverast med innebygde Omega 3-fettsyrer. Fem små manipulerte grisungar ruslar for tida rundt i ein binge i USA, uvitande om at dei ein dag kanskje skal bli middagsmat som skal hindra blodpropp og andre hjartesjukdomar. Forskarane vonar at dei med tida kan forbetra teknikken slik at han også kan brukast på kyr og høns.

Nå er det berre det at det ikkje er meir enn eit par dagar sidan britiske forskarar fortalde oss at dei ikkje kunne påvisa nokon helsegevinst av Omega 3-fettsyrer. I alle år er vi blitt tuta øyrene fulle av råd om å eta feit fisk, drikka tran eller ta tablettar med Omega 3-innhald. Og i morgon skal dei fremste norske ekspertane på kosthald leggja fram ein rapport der dei konkluderer med at vi alle bør eta meir fisk. To måltid med feit fisk i veka er bra, seier dei norske forskarane. Det er godt for hjartet, og førebels er det ingen fare for at vi skal få i oss for mange miljøgifter.

Men nå veit vi ikkje kva vi skal tru og kva vi skal eta. Amerikanarane og nordmennene hevdar at Omega 3 er godt for oss, for Omega 3 er gunstig for kolesterolinnhaldet i blodet og reduserer risikoen for å få hjartesjukdomar. Og så kjem altså engelskmennene og fortel oss at det heile er bortkasta, for alle forsøk dei har gjort, syner at folk ikkje blir det grann friskare av å ta til seg Omega 3-fettsyrer.

All den tran og alle dei kapslar vi har stappa i oss opp gjennom åra har kanskje vore bortkasta, og dei motvillige ungane våre kunne ha blitt sparde for all den fisk vi har prøvd å overtala dei til å eta.

Det er ikkje enkelt å orientera seg i denne forvirrande straumen av motstridande opplysningar. Det beste er kanskje å gløyma det vi har lese og eta slik vi alltid har gjort. Dessutan er det visst fare for at det genmanipulerte baconet ikkje smakar like godt som det gamaldagse flesket vi har vant oss til å eta.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no