skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Det kan koma fleire Nokas-ran

Nå har vi høyrt domen over dei 13 tiltalte i Nokas-saka. Det har vore ei lang og dyr rettssak, og siste ord er ennå ikkje sagt.
Av Egil Johan Ree

Publisert 10.03.2006 14:24.
Sjølve ranet tok ein halvtimes tid, rettssaka tok om lag fire månader. Det er snart eit halvt år sidan dei 13 tiltalte tok plass i det ombygde bedehuset på Forus utanfor Stavanger. Ranarane kom seg unna med over 57 millionar kroner. Etterforsking, tryggingstiltak og rettssak kan koma til å kosta samfunnet mange gonger så mykje. Millionane kjem framleis til å rulla, for etterforskinga er ikkje slutt, og snart blir det ankesak i lagmannsretten og deretter kanskje i Høgsterett. Det meste av ranspengane har ikkje kome til rette, og politiet veit ennå ikkje kven som skaut politimannen Arne Sigve Klungland.

Somme stussar vel over at det skal vera så omstendeleg og kosta så mykje, men slik må det vera i ein rettsstat. Nokas-ranet var kanskje det mest brutale ranet vi har hatt i dette landet. Det kosta eit menneskeliv. Gjengen som sat på tiltalebenken, blant dei David Toska i si heimslege lusekofte, såg kanskje ut som meg og deg, så det var lett å gløyma at fleire av dei er kyniske kriminelle med mange lovbrot bak seg. Lova krev at dei skal stå til rette for det dei har gjort, men dei hadde krav på ei rettssak der dei fekk forsvara seg, der retten skulle høyra alle argument og vega for og imot før domen vart sagt.

Det måtte bli ein tidkrevjande prosess når det var så mange involverte og når påtalemakta i somme tilfelle ikkje hadde så mange handfaste prov. Politiet såg det naudsynt med dei strengaste tryggingstiltaka vi har sett. Tid og tiltak kostar pengar, men det er ikkje lett å tenkja seg at det kunne gjerast på annan måte.

Nå høyrer vi om store ran i Sverige og om politiet der som slit med å oppklara rana. Her i landet har det vore stille på den fronten sidan Nokas-saka tok til. Det har kanskje samanheng med at sentrale personar i det såkalla ransmiljøet har site i fengsel og på tiltalebenken, og kanskje med at potensielle ranarar har valt å liggja lågt så lenge. Politiet vil og gjerne tru at dei er blitt så flinke til å oppklara ran at potensielle ranarar nå kvir seg for å gjennomføra store ran.

Men vi må ikkje tru at det ikkje vil koma fleire brutale ran, for det er sikkert ingen mangel på rekruttering til miljøet. Det vil alltid vera ungdomar som lar seg lokka av store gevinstar. Vi kan ikkje sjå bort frå at David Toska og andre av dei som sat på benken i Stavanger rett og slett er blitt førebilete for svake sjeler som drøymer om å gjera det store kuppet.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no