skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Google i Kina

Den kjende søkjemotoren på Internett, Google, etablerer seg denne veka i Kina, men må tola mykje kritikk for å gi etter for kinesiske sensurkrav.
Av Egil Johan Ree

Publisert 26.01.2006 13:52.
Når pengane lokkar, må prinsippa stundom vika. Den største søkjemotoren i verda, Google, har nølt lenge, men kunne til slutt ikkje halda seg. Google har høglytt stått fram som forsvarar av ytringsfridomen, men i Kina finst verdas nest største Internett-publikum - om nokre år kanskje det største. To andre store amerikanske aktørar, Yahoo og Microsoft, er alt etablerte i landet. Nå har Google skreva over det som blir kalla den kinesiske brannmuren, dvs. sensuren av all den utanlandske informasjonen som dei kinesiske styresmaktene meiner dei bør skåna innbyggjarane sine for. Google vil tena pengar i Kina, og då må dei retta seg etter styresmaktene der.

For det er mykje dei kinesiske styresmaktene meiner innbyggjarane ikkje har godt av å høyra eller lesa om. Ordet demokrati, til dømes. Eller Dalai Lama, den tibetanske leiaren i eksil. Nå må Google likeeins fjerna alt som har med Den himmelske freds plass å gjera. Kinesiske Internett-brukarar må ikkje bli minte om massakren som skjedde der. Falun Gong blir eit anna forbode oppslagsord. Styresmaktene i Beijing har slått hardt ned på denne meditasjonsrørsla med religiøst islett. Dei er også livredde for at kinesarane skal få lesa om sjølvstenderørsla på Taiwan.

Leiinga i Google blir nå skulda for dobbelmoral. Dei har alltid hevda at målet deira var å gjera all informasjon tilgjengeleg for alle. For å verna kundane sine, nekta dei nyleg å utlevera opplysningar til dei amerikanske styresmaktene i samband med arbeidet for å hindra spreiing av barneporno på nettet. Nå går Google med på å bli sensurert av dei kinesiske styresmaktene. Hykleri, seier presseorganisasjonen Reporterar utan grenser, dette er ein svart dag for ytringsfridomen i Kina.

Men Kina er eit mektig land, i ferd med å bli ei økonomisk stormakt. Kvart år kjem det 20 millionar nye Internett-brukarar. Kinesarane hadde tilgang til Google tidlegare, men då var det tregt og tungvint, og det svære kinesiske sensurapparatet brukte ulike metodar for å gjera tilgangen vanskeleg for brukarane. Når Google nå er innanfor brannmuren, kan dei konkurrera på line med Yahoo og dei andre som alt er i landet. Google må tenkja langsiktig, seier leiinga, men kritikarane peikar på at det nok er økonomien dei tenkjer på, ikkje prinsippa om ytringsfridom som dei hylla så sterkt tidlegare.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no