skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Dystre klimautsikter

Slik som klimaet nå utviklar seg, er det fare for at dei fleste menneska på jorda kjem til å døy ut om hundre års tid. Dei få som blir att, kan berre leva i områda ved Nordpolen, meiner ein britisk forskar.
Av Egil Johan Ree

Publisert 17.01.2006 13:42.
For pessimistane blant oss er det nok av teikn i tida. I Tromsø, der snøen nå skulle lege meterhøg oppetter husveggene, spirer peonar i hagane, og folk klypper hekken. I Finmark må dei trøysta vonbrotne turistar som kjem for å oppleva snø og kulde, men møter bar mark og sure regnbyger. På Svalbard er det målt varmerekord for januar. Og nå kjem ein britisk forskar med den endelege domen. Dei av oss som måtte tru på det vi les i avisene, får omsider stadfest at det ikkje er nokon veg tilbake. Sivilisasjonen vår vil ikkje kunna overleva. Millionar av oss kjem til å forsvinna i dette hundreåret. Dei få som måtte vera att, har ein sjanse dersom dei trekkjer oppover mot Nordpolen, for der kjem kanskje klimaet til å vera leveleg.

Forskaren heiter James Lovelock og er 86 år gamal. For 30 år sidan lanserte han den såkalla Gaia-teorien som går ut på at jorda er eit sjølvregulerande system som har evne til å tilpassa seg slik at det blir brukbare levevilkår for alle, klimatisk sett. Men nå har han på sine gamle dagar kome til andre resultat. Professoren har etter det Aftenposten fortel, blitt overtydd om at det er for seint å snu den negative klimautviklinga. Nå går det rake vegen mot undergangen for dei aller fleste av oss.

Det kan sjølvsagt vera eit spørsmål om kor mange det er att når den tid kjem, for i helga kunne Dagsrevyen i ein uvanleg nedslåande reportasje slå fast utan atterhald at millionar på millionar av oss kjem til å stryka med av fugleinfluensa når dette viruset omsider får organisert seg slik at det smittar frå menneske til menneske og dermed utløyser ein såkalla pandemi - det nye framandordet vi må bli fortrulege med etter at vi i fjor lærde kva ein tsunami er.

Og medan vi ventar på pandemien, risikerer vi her i landet at fiske- og fuglelivet i nordområda våre går mot undergangen når regjeringa snart trassar miljøorganisasjonane og gir grønt lys for oljeutvinning på Goliat-feltet utanfor Finmark. Då ser det dystert ut for folk i dei nordlege landsdelane som ventar på velstand og lykke og ikkje er villige til å høyra på Bellona og andre naturvernarar.

Vi som er komne opp i åra, kan nok ha von om å leva resten av livet på gamaldags, naturleg vis, men det ser mørkt ut for dei unge. Dei må nok bu seg på det verste - eller kanskje læra seg til å mobilisera skepsis til det dei les i avisene og høyrer frå pessimistiske forskarar.



 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no