skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Bukser som passar

Damer som måtte ha problem med å finna bukser som passar til rumpa, skal nå få hjelp. Eit universitet i Skotland skal undersøkja saka vitskapleg.
Av Egil Johan Ree

Publisert 05.01.2006 14:10.
Er det ikkje ei velsigning at vi har forskarar som hjelper oss med å finna svar på uløyste gåter og løyser problem vi strir med i kvardagen. Denne gongen er det Heriot-Watt-universitetet i Skotland som lovar lindring til alle lidande kvinner som har vanskar med å finna bukser som gjer at rumpa framstår på mest fordelaktig måte. For det er først og fremst kvinnerumper det dreier seg om, skal vi tru det vi ser i avisene i dag.

Spørsmålet alle kvinner stiller seg, les vi, - eit av dei stadig tilbakevendande spørsmål i livet, er om dei ser tjukke ut i den buksa dei skal kjøpa. Vi forstår det slik at same korleis damene måtte sjå ut bakfrå, så er det om å gjera å få ei bukse som gjer bakdelen mindre fyldig. Naturen har jo ordna det slik at ikkje alle ser heilt like ut der bak, somme har fått lite, andre meir enn dei likar, men nå kan altså vitskapen hjelpa.

Forskingsprosjektet går ut på at deltakarane skal prøva hundrevis av bukser samtidig som dei blir fotograferte bakfrå. Dei skal deretter vurdera korleis dei tar seg ut på bileta for dermed å finna fram til det mest fordelaktige. Det kan f.eks. vera om saumar bak får dei til å sjå betre ut, om låg buksemidje er bra for alle eller om laussitjande bukser er best for dei som har mykje å dra på.

Ikkje uventa er kjendisar med ulik form og storleik plukka ut som modellar og føredøme. Rapparen Missy Elliot representerer den flate og breie, Jennifer Lopez den litt fyligare, Kylie Minogue den vesle spretne. Og så er det den fjerde, ikkje namngitt, som er stor og brei.

Resultata av denne vitskaplege undersøkinga skal leggjast fram for moteindustrien som så kan laga klede som høver til dei ulike rumpetypane. Det er snakk om eit pilotprosjekt dette, men seinare skal det lagast ei større og fyldigare undersøking som skal kosta i overkant av to millionar kroner. Det skotske universitetet vonar at moteindustrien vil vera med og dela utgiftene til det utvida forskingsprosjektet.

For damer som til denne tid har måtta lita på eigen smak eller avfinna seg med råd frå tilfeldige butikkekspeditørar, må dette vera ei god melding å få ved inngangen til det nye året. Dei får senda varme tankar til forskarane i Skotland som har valt å prioritera eit så viktig emne. Men kva med oss mannfolk og rumpene våre? Er ikkje vi og verde eit forskingsprosjekt?





 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no