skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Det hanglar og går

Det gamle året er snart slutt. Det er på tide å oppsummera og kanskje sjå litt framover.
Av Egil Johan Ree

Publisert 05.01.2006 14:10.
Så har verda hangla gjennom endå eit år. Som vanleg er det mykje som har gått på skeive. Det starta med etterverknadene av den store bølgja som tok så mange liv og som lærde oss litt om kor utsette vi er på denne urolege kloden.Vi fekk fleire prov på det etter kvart: stormane og flaumane som herja i USA, og jordskjelvet i Pakistan. Dramatiske hendingar som skaka oss og fekk oss til å opna lommeboka litt på gløtt for folk som treng det, men ikkje fullt så mykje på gløtt for Pakistan, for det var ikkje så mange av våre eigne der.

Her heime i oljedammen har vi unngått slike store katastrofar, men somme meiner vi har hatt nok av små. Jens Stoltenberg drog til Soria Moria og kom heim att med raud-grøne lovnader som utløyste dystre tankar hos Erna Solberg, Siv Jensen og direktør Bergesen i NHO. Korleis skal det gå med landet nå som vi ikkje får skattelette? Og somme er redde for at folket skal bli endå meir avkristna nå som Djupedal vil at vi skal takka kua for mjølka, ikkje han som mettar liten fugl.

At barnehagana var betre til å oppdra ungane enn vi foreldre, meinte han visst ikkje når det kom til stykket, men Karita Bekkemellom meiner fullt og fast at ektefolk som ikkje likar kvarandre lenger, skal få skilja seg på dagen. Det blir nok ikkje så lett i praksis, for kvar finst det byråkratiske organ som kan ordna slikt utan ventetid?

Det står att å sjå om Bekkemellom får det som ho vil, men i mellomtida har vi sett at andre handlekraftige kvinner ikkje har fått det heilt til. Randi Flesland i Avinor måtte gi seg etter press frå sinte flypassasjerar og helsesvake flygeleiarar. Monica Kristensen Solås måtte forlata redningsskøytene, for i selskapet som styrer dei og som ho prøvde å styra, vart bølgjene etter kvart for store for den tidlegare polfararen.

Men det har jo sjølvsagt vore mangt å gle seg over i året som ruslar mot slutten. Vi er rikare her i landet enn nokon gong, fortel avisene, endå så mykje som vi klagar. Renta er låg og skal visst ikkje stiga så mykje neste år heller. Så kan vi sola oss i rikdomen vår neste år også, lesa vidare i avisene om kjendisane våre og den stadig aukande kongefamilien og sjå porno utan sladd i fjernsynet. Og dei som ikkje synest dei har fått nok ut av året som gjekk, kan gle seg over at det blir eit sekund lenger enn vi trudde. Så har dei ein ekstra sjanse til å gjera noko meiningsfullt ut av 2005.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no