skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Testosterontunge hannkattar

Det børsnoterte selskapet Opticom har ennå ikkje produsert noko, men kampen om herredøme over selskapet er beinhard. To grupper av aksjeeigarar står mot kvarandre, og i dag blir det kanskje avgjort kven som blir vinnar.
Av Egil Johan Ree

Publisert 07.12.2005 15:14.
Idiotar og togrøvarar, piratar og rovdyr, testosterontunge hannkattar med kjempeballar. Denne utsøkte samlinga av skjellsord er ikkje henta frå eit oppgjer i det kriminelle ungdomsmiljøet i hovudstaden. Orda er kasta fram av dresskledde representantar for den fremste norske og britiske finanseliten og har stått på trykk i Dagens Næringsliv og andre solide aviser. Vokabularet er brukt i kampen om datalagringsselskapet Opticom der to grupper av aksjeeigarar kjempar om herredømet. I dag skal det vera ekstraordinær generalforsamling i selskapet. Det er venta stort oppmøte, så generalforsamlinga er flytta frå Vika Atrium Konferansesenter til det meir romslege Folkets Hus. Det skulle for så vidt høva bra, for i Yngve Hågensens gamle møtelokale er dei vane med usminka ordbruk.

For dei som måtte ha hoppa over alle artiklane om Opticom som har stått i avisene i det siste, kan vi nemna at det førebels er eit papirselskap grunnlagt av oppfinnaren Hans Gude Gudesen. Han har i 30 år arbeidd med å utvikla ein teknologi som gjer det mogeleg å lagra store mengder informasjon på eit lite plastkort. I vår informasjonsteknologiske tid kan dette vera eit prosjekt som det ligg store pengar i, men førebels er det ikkje kome så langt at plastkortet har kome i produksjon. Opticom er likevel interessant for investorar fordi selskapet eig nesten 30 prosent i søkjeteknologiselskapet Fast, og det selskapet er mykje verdt.

To engelskmenn har til nå hatt makta i Opticom og har tatt ut store millionbeløp til seg sjølv. Så måtte engelskmennene ufrivillig selgja ein haug med aksjar, og norske Orkla saman med investorane Øystein Stray Spetalen og Petter A. Stordalen kom på banen. Nordmennene ville gjerne ta makta frå engelskmennene, og dermed var kampen i gang.

I ettermiddag skal det altså vera ekstraordinær generalforsamling. Der kan det bli høg temperatur, for å døma etter det som har stått i avisene, er striden i Redningsselskapet reine idyllen samanlikna med den som rasar i Opticom. Ingen veit kva utfallet av kampen blir, for ingen har visst oversyn over kor mange aksjar dei to partane har. Og så i siste liten har det dukka opp ein aksjonær som vil ha endå ei generalforsamling seinare i månaden.

For vår del sluttar vi oss gjerne til kommentaren frå tidlegare redaktør i Aftenposten Per Egil Hegge. Han bryr seg lite om maktkampen i Opticom. For min del kunne dei blitt vassverkdirektørar på Romerike heile gjengen, seier han.











 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no