Prins Sverre MagnusDen nye prinsen Sverre Magnus har fått namn etter tidlegare norske kongar, men jamvel om han er den tredje i arvefølgjerekkja, kjem han ikkje til å få spesielle kongelege privilegium.
Av Egil Johan Ree Publisert 06.12.2005 13:52. Han kjem til å få fotolinsene retta mot seg, og får veksa opp i privilegerte kongelege omgivnader, men må nok rekna med å koma i skuggen av storesøster Ingrid Alexandra, for det er ho som eventuelt skal arva trona i Noreg og bli dronning. Sjølv er vesle Sverre Magnus tredjemann i rekkja og må nøya seg med bli kalla prins. Han skal ikkje titulerast "Deres kongelige høyhet" eller "Høgvyrde prins", som vi seier på nynorsk. Ikkje skal det skytast salutt og ikkje skal det heisast flagg for han når han har bursdag.
Men namn med historisk kongeleg klang har han fått. Dei som var redde for at kongehuset også denne gongen skulle koma med fine og fjonge utanlandske namn, kan kjenna seg rolege. Rett nok vart det ikkje Olav, som ein del hadde tippa, men Sverre og Magnus er og solide kongsnamn.
Sverre er det berre ein av i kongerekkja. Han var den lærdaste kongen i middelalderen i Noreg, står det i historiebøkene. Han hadde utdaning frå Færøyane og var vigsla til prest der. I Noreg stilte han seg i spissen for birkebeinarane, og i siste halvdel av 1100-talet vart han konge. Det var han som talte "Roma midt i mot", som det står i fedrelandssongen. Det Bjørnson vil fortelja, er at kongen ville ha slutt på den store makta kyrkja hadde i landet. For det vart Sverre lyst i bann.
I kongerekkja har det vore sju som heitte Magnus. Opphaveleg er det det latinske ordet for stor, og Magnus er oppkalla etter Karlamagnus eller Karl den store. Den første norske kong Magnus var son til Olav den heilage. Han vart etterkvart så populær at han fekk tilnamnet "den gode".
Magnus den andre, son til Harald Hardråde, var berre konge i tre år og då delte han makta med bror sin.
Den tredje Magnus fekk tilnamnet Berrføtt. Han la Orknøyane og Sudrøyane under Noreg og blir rekna som den siste vikingkongen.
Magnus 4. hadde ikkje noko lett liv. Han vart fanga av rivalen Harald Gille og vart både blinda og kastrert. Difor kjenner vi han som Magnus den blinde.
Den femte Magnus var han som måtte gi seg for kong Sverre og birkebeinarane.
Den sjette Magnus er han vi kjenner som Lagabøtar. Han fekk laga den første landslova i Noreg.
Den sjuande og siste Magnus var og konge i Sverige.
Sjansane for at den vesle prins Sverre Magnus skal bli konge, er heller små. Han må nok bu seg på å finna eit borgarleg yrke. Kanskje han kan føra tradisjonen frå den første kong Sverre vidare og bli prest?
|