Stor dag for TV-spel-entusiastarMicrosofts nye maskin for TV-spel, Xbox 360, blir lansert i dag. For entusiastane er visst denne lanseringa julaftan og bursdag på ein gong.
Av Egil Johan Ree Publisert 02.12.2005 14:08. I London stod folk ni timar i kø i kulde og regn for å sikra seg ein boks då forretninga på Oxford Street opna dørene ved midnatt. For her er det snakk om den største lanseringa av videospel i historia - nesten samtidig i USA, Europa og Asia. Men mange av køståarane må gå tomhendte heim, for ennå er det visst ikkje laga nok boksar til alle som vil ha.
Vi som heng litt etter i den elektroniske utviklinga, som går i surr når det blir snakk om iPod, MP3, Playstation og Gamecube og Xboxar og kva det er alt, vi kan berre registrera at det finst ei verd der ute full av entusiastar som gladeleg forsakar kva det skal vera for å kjøpa det nye som kjem på marknaden. For nye ting kjem det jamt og trutt. I dag er det altså Xbox 360, snart kjem det nye versjonar av Play Station og Gamecube.
Dei få privilegerte som har fått prøvd den nye Xboxen, synest visst det er flotte greier. Rett nok bråkar han vel mykje, og meldaren i den danske avisa Politikken skriv at straumadapteret er så stort og stygt at det ser ut som det kan forsyna heile S-banenettet i København med straum, men elles høyrest det stort sett ut som om entusiastane har fått valuta for pengane. Og det burde dei jo, for det er ikkje noko billeg leiketøy. Den enklaste versjonen kostar 2600 kroner, den meir avanserte 3400.
Men det er altså ikkje nok Xboxar til alle. Det har fått skeptiske journalistar til å stilla spørsmål ved om Microsoft med vilje har delt ut for få boksar til butikkane. Så kan dei hengja skilt med "utselt" på i butikkvindauga og dermed pirra kjøpelysta hos kundane og skrivekløen blant mediefolk. Det uoppnåelege har ei fascinerande kraft som lett kan utnyttast kommersielt, skriv ei engelsk avis, som minner om Stella McCartney-kolleksjonen som Hennes & Mauritz nyleg lanserte. Der var det langt frå nok til alle som stod i kø, men merkeleg nok gjekk det ikkje lenge før det kom nye forsyningar.
Microsoft avviser sjølvsagt at dei har slike banale motiv. Dei har ikkje nok produksjonskapasitet, seier dei. Berre vent litt, så skal alle få. Og slik går det nok, for konkurrentane kjem ikkje på marknaden før neste år, så Microsoft risikerer ikkje at kundane sviktar dei ennå.
Somme må altså smørja seg med tålmod, men dei heldige kan nå sjå fram til juleferien då dei kan sitja frå morgon til langt på natt og trykkja på knappar og glo på skjermen.
|