skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Stjernereporter får refs

Stjernereporteren Bob Woodward i avisa Washinton Post har fått refs i si eiga avis for å ha halde tilbake opplysningar i ei mykje omtala lekkasjesak. Woodward har offentleg måtta be om orsaking.
Av Egil Johan Ree

Publisert 21.11.2005 14:10.
Bob Woodward er ikkje kven som helst i Washinton Post, eller for den saks skuld i USA. Han er ein av dei to journalistane som i 1970-åra rulla opp Watergate-skandalen som førde til at Richard Nixon måtte gå av som president. Sidan har han hatt status som stjernereporter i avisa, har hatt tilgang til dei indre sirklane i administrasjonen i Washington og har tent seg rik på å skriva bøker om det politiske livet i den amerikanske hovudstaden.

Nå har Bob Woodward dumma seg skikkeleg ut, har fått refs på trykk i si eiga avis og har bede offentleg om orsaking. Saka som har kome så skeivt ut for Woodward er skandalen som Washington har vore opptatt av den siste tida. Ei høgt plassert kjelde i Det kvite hus har avslørt kona til ein tidlegare ambassadør som spion for den amerikanske etterretningstenesta CIA. Ambassadøren hadde tidlegare stilt kritiske spørsmål ved den grunngivinga presidenten ga for å gå til krig mot Irak, og dei fleste meiner at når Det kvite hus avslørte kona hans, var det for å hemna seg på han. Det er berre den haken ved det, at å avsløra ein CIA-spion, er straffbart i USA.

Ein såkalla storjury etterforskar saka, og det førebels første offeret er stabssjefen til visepresident Dick Cheney, Lewis Libby, som er sikta for å ha loge til storjuryen.

Bob Woodward har skrive kritiske artiklar om storjuryen og har i fjernsynsintervju sagt at lekkasjesaka berre var til å le av. Men så syner det seg at han sjølv har visst om lekkasjen i nesten to og eit halvt år utan å skriva om det og utan å nemna det for redaktøren sin. I juni 2003 fekk han vita namnet på CIA-agenten av ei kjelde i Det kvite hus.

I går fekk Bob Woodward refs i si eiga avis. Den såkalla ombodsmannen skreiv at Woodward hadde same plikt til å følgja reglane i avisa som andre journalistar, jamvel om han er rik og berømt. Det Woodward her har gjort, er til skade for avisas omdøme, skreiv ombodsmannen. Woodward sjølv har måtta be redaktøren i Washington Post om orsaking.

Ein del av Woodwards kollegaer i Washington synest det er til pass for stjernereporteren at han blir hengt ut offentleg. Det er mange som meiner at han med bøkene sine og alle sine gode kontaktar er blitt meir og meir eit lydig talerøyr for styresmaktene i hovudstaden. Somme har også stilt spørsmål ved at han har full jobb i avisa samtidig som han brukar det meste av tida si på å samla stoff til bøkene sine.





 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no