Har Castro fått Parkinson?Amerikansk etterretningsteneste hevdar at den cubanske leiaren Fidel Castro lir av Parkinsons sjukdom. USA må kanskje bu seg på at han snart ikkje kan styra Cuba lenger.
Av Egil Johan Ree Publisert 17.11.2005 14:08. I det amerikanske utanriksdepartementet noterer dei seg nok meldinga om at den snart 80 år gamle Castro truleg har fått Parkinssons sjukdom. I det departementet ser dei meir enn gjerne at Castro blir sett ut av spel, helst at han blir borte for alltid, for hovdingen på Cuba har i over 40 år vore USAs yndlingsfiende. Men dei som steller med latin-amerikanske saker i departementet, tar nok meldinga med ei klype salt. Det er ikkje første gongen det blir meldt at Castro lir av eit eller anna, men den cubanske leiaren dukkar stadig opp att, utan teikn på at han har mista grepet om styringa av landet sitt.
Det er etterretningsorganisasjonen CIA som nå lar verda få vita at dei meiner Castro lir av Parkinson. Sjukdomen skal ha utvikla seg, og CIA stiller spørsmål ved om Castro lenger er i stand til å styra Cuba. Både president Bush og Kongressen skal ha blitt orienterte om saka.
Fidel Castro er ein robust mann som så vidt ein veit har vore ved god helse det meste av den tida han har site ved makta. Rykte om sjukdomar har det likevel vore i årevis. Han skal ha hatt slag og hjernebløding og hjartetrøbbel utan at nokon har kunna stadfesta det sikkert. Men det heile verda kunne sjå på fjernsyn for vel eit år sidan, var at Castro snubla og datt på veg ned frå ein talarstol. Då braut han eit kne og ein arm. Dei som følgjer med på slikt, seier at han har sett ned tempoet ein del etter denne hendinga.
Amerikanarane har i alle år pønska på måtar å bli kvitt han på, og det har gått rykte om mange slag drapsforsøk. CIA skal ha prøvd å forgifta han, og ved eit høve skal dei ha sendt han sigarar med sprengstoff i. Elles er det det store cubanske eksilmiljøet i Miami i USA som har stått bak både rykte og drapsforsøk. Eksilcubanarane hatar den gamle diktatoren inderleg.
Castro sjølv fleipa nyleg med alle rykta. I eit intervju han ga til den tidlegare argentinske fotballstjernaa Maradona, sa han at det hadde vore sagt så mykje om helstilstanden hans at den dagen meldinga kom om at han var død, var det ingen som ville tru det.
Amerikanske diplomatar seier i dag at dei ikkje trur at det står så ille til med Castro at han ikkje lenger er i stand til å styra. Opplysningane frå CIA kjem ikkje til å påverka den amerikanske politikken andsynes Cuba. USA har ikkje diplomatisk samband med Cuba og har i over 40 år gjennomført handelsboikott av landet.
|