Fotball med høge hælarI kveld skal fotballandslaget spela kvalifiseringkamp mot Tsjekkia. Som vi fekk høyra i går, skal spelarane på banen ikkje ha på seg sko med høge hælar.
Av Egil Johan Ree Publisert 16.11.2005 13:58. Den som måtte tru at det berre er ein vanleg fotballkamp det er snakk om i kveld, må tru om att. I kveld går det norske landslaget på banen for landet, flagget og det norske folket, ikkje mindre enn det, for det har landslagskaptein Thomas Myhre sagt i Dagbladet i dag. Om dei så skal krypa eller bli borne av banen, så skal dei gi alt, seier Myhre, det skal handla om råskap og galskap, fortel landslagskapteinen, og frå trenaren har vi før høyrt at spelarane helst bør skaffa seg blåveisar og skeive nasar som prov på at dei har gjort det fedrelandet ventar av dei.
Det er som vi skjønar ikkje småtteri det som skal skje i Tsjekkia i dag, så dersom dei tsjekkiske spelarane har lese norske aviser, reknar vi med at dei har kalla inn ekstra sanitetsmannskap.
Spesielt må dei passa seg for John Carew. Han er stor og sterk og skal springa i alle dei rom som finst for å skyta Noreg til VM, står det i avisene. Derimot treng ikkje tsjekkarane vera så redde for Gamst Pedersen, for etter det trenaren seier i dag, er det fare for at han tenkjer meir på marknadsføring av hår, klede og nye fotballsko enn på å spela fotball.
Men det viktigaste i dag er at landslaget ikkje skal gå på banen med høghæla sko slik dei gjorde på Ullevål førre veka. Det har trenaren Åge Hareide lova. Som vi nå alle veit, trippa landslagsspelarane i den kampen rundt på banen i sko med høge hælar, nett som fine damer på byen. Slik såg i alle fall Åge Hareide det, etter det han sa i går, og det har den stakkars mannen fått skikkeleg på pukkelen for. Sportsjournalistane kasta seg straks på tråden for å få kommentarar til det dei oppfatta som ei kvinnefiendtleg haldning hos den norske landslagstrenaren. Nå var kvinnelandslaget i fotball igjen blitt utsett for hets og diskriminering.
Kvinnelege politikarar og kvinnelege fotballspelarar reagerte med sinne og fortviling. Men så hadde ikkje Hareide sagt eit einaste ord om kvinnelege fotballspelarar. Han hadde snakka om fine damer på by'n, og det veit alle at mange av dei brukar høghæla sko som ikkje eignar seg til å spela fotball med.
Korsom er så har i alle fall Thorstein Helstad lova å leggja att både handveska og dei høghæla skoa på hotellromet. Ein idrettspsykolog har rådd landslaget til å leggja att hovudet i garderoben, så i kveld må tsjekkarane berre passa seg. Med råskap og galskap og vanlege fotballsko skal vi spela dei i senk.
|