skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Tillit til politikarane

Nordmenn er truleg det mest nøkterne folket i heile Europa, men berre ein av fire har tillit til dei politiske partia.
Av Egil Johan Ree

Publisert 15.11.2005 14:14.
I dag vedtar Stortinget kor mykje stortingspolitikarar og regjeringsmedlemer skal få i løn. Somme av dei gjer det visst med ein liten flau smak i munnen, for prosentvis kjem dei til å få ein høgare lønsauke enn det folk flest kan rekna med i år. SV og Senterpartiet kjem til å røysta mot, men fleirtalet viser til at det er ein uavhengig kommisjon som har kome med framlegg om lønsauken. Det er ikkje stortinget sjølv som fastset kor mykje regjeringa og dei folkevalde skal ha, slik det var før i tida.

Men så tenkjer folk flest sitt når dei ser det. Desse politikarane, tenkjer dei, sit der inne i hovudstaden på sine varme og gode kontor og tener pengar på å vedta høge skattar og avgifter og innfløkte lovar. Dei gløymer gjerne at norske politikarar slett ikkje har så høge løner at dei skil seg nemnande ut frå såkalla vanlege folk.

Men så seier politikarane stundom ein ting og gjer noko heilt anna, meiner mange. I dag kan vi til dømes lesa at skoleelevane er vonbrotne fordi kunnskapsminister Djupedal ikkje vil gi dei gratis frukt og grønt neste år. Det hadde han lova i valkampen. Slike politikarar kan vi ikkje tru på, seier elevane. Og vi som trudde at skoleelevar heller ville ha brus og skolebollar enn frukt og grønt.

Men vi er visst nokså skeptiske til politikarane her i landet. Berre ein av fire nordmenn har tillit til dei politiske partia, syner ei europeisk undersøking. Vi ligg på gjennomsnittet, medan Danmark skil seg ut fordi der er det over halvparten som lit på partia. Ein professor i statsvitskap meiner at den norske skepsisen til politikarar kjem av at folk ser uløyste oppgåver samtidig som pengebingen vår stadig aukar.

Det kan nok henda, men vi noterer oss og andre ting. KrF-formann Høibråten, for eksempel, som kjeftar på det raud-grøne budsjettet som gir skattelette til folk med høge inntekter. Slikt ville han aldri ha vore med på, seier han, og vil ha oss til å tru på det, endå han nett kjem frå ei regjering som hadde skattelette høgt på programmet.

Vi andre registrerer sjølvsagt det same som Høibråten, men vi minnest og Stoltenberg som i valkampen stadig fortalde at dei rike skulle betala meir skatt enn oss vanlege folk.

Men vi er eit nøkternt folk, truleg det mest nøkterne i Europa, går det fram av ei stor europeisk undersøking. Vi undrar oss stadig over mangt og mykje som politikarane våre seier, men vi slår oss til ro med at vi truleg ikkje får dei betre, og dessutan er det vi sjølv som har valt dei.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no