skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Tony Blairs nederlag

Avrøystinga i det britiske Underhuset i går var eit slag mot statsminister Tony Blairs autoritet, meiner britiske aviser. Mange av partifellene røysta mot statsministerens framlegg til ny anti-terrorlov.
Av Egil Johan Ree

Publisert 10.11.2005 14:03.
Han gjorde alt han kunne for å få støtte frå sine eigne. Finansministeren og utanriksministeren vart henta tilbake frå viktige utanlandsbesøk for å vera med og overtala gjenstridige partifeller. Innpiskarane piska inn underhusmedlemer som sat i barane og kafeane i Underhuset, eit parlamentsmedlem kom for å røysta frå sjukehussenga der han kvilte seg etter ein hjarteoperasjon. Men det hjelpte ikkje. Opposisjonen og 49 av statsministerens partifeller avviste framlegget til anti-terrorlov.

Det avgjerande punktet var dei 90 dagane statsministeren meinte politiet burde få for å halda terrorist-mistenkte innesperra utan å sikta dei for noko. Opposisjonen, mange av hans eigne partifeller og store delar av britisk presse meinte dette var for mykje. Å halda folk i fengsel så lenge utan sikting, ville vera brot på dei rettane mistenkte skal i eit rettssamfunn. Så enda avrøystinga med at mistenkte skal kunna haldast i 28 dagar.

Var dette byrjinga på slutten for Tony Blair? spør London-avisa Times i dag. Andre aviser stiller liknande spørsmål. Dei fleste er samde om at det var eit prestisjenederlag for statsministeren, eit kraftig slag mot autoriteten hans. Avrøystingsresultatet synte at Blair nå har eit trettitals partifeller i Underhuset som han ikkje kan lita på i framtidige avrøystingar om kontroversielle saker. Og slike saker kjem det om ikkje lenge. Underhuset skal ta stilling til viktige lovframlegg som gjeld skolar, sjukehus og velferd, og dei signala statsministeren har gitt om kva han ønskjer å gjennomføra på desse felta, er ikkje blitt godt mottatt av alle i arbeidarpartiet.

Avisa The Sun er nesten den einaste som forsvarar Tony Blair i dag. Den kallar utbrytarane for svikarar. Dei andre avisene er meir på line med Daily Telegraph som skriv om Tony Blairs svartaste dag. Det var statsministerens første nederlag i Underhuset sidan han kom til makta i 1997.

Sjølv held han hardnakka fast på at han hadde rett, og han kan visa til at han har både politiet og store delar av folket på si side. Men det var ei stygg ripe i lakken han fekk i går, og somme spekulerer nå på om han kjem til å bli sitjande ut heile parlamentsperioden slik han har sagt at han vil.



 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no