skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Kommunal gepard på Nedre Romerike

I saka om det etter kvart så kjende vassverket på Nedre Romerike dukkar det stadig opp nye overraskingar. Det siste er ein utstoppa gepard som vart funnen på eit lagerrom.
Av Egil Johan Ree

Publisert 08.11.2005 14:03.
Kommunale vassverk skaffar oss reint vatn i springen, kommunale reinseanlegg tar seg av det som renn ut av huset. Vi veit at dei er der, er takksame for tenestene dei leverer og betalar avgiftene dei krev av oss, men ofrar elles ikkje mange tankar på desse nyttige institusjonane. Så syner det seg at det bak trauste kommunale fasadane kan finnast ei eventyrverd av elleville pengetransaksjonar og eksotiske jaktmarker i Afrika.

Det er Aftenposten som har avslørt kva slag underlege forretningar som er blitt styrde frå kontora til vassverket og reinseanlegget på Nedre Romerika. Der har ein kommunalt tilsett direktør og sonen hans pluss ein slamkøyrar operert i eit ureint grenseland mellom kommunale og private pengar. Millionar av kroner har rulla utan at dei som skulle vera vaktbikkjer har sett kva som gjekk for seg. Nokre av millionane er som kjent investerte i jaktfarmar i Afrika.

Nå er direktøren for vassverket og reinseanlegget og sonen hans sikta for økonomisk utruskap. Slamkøyraren er sikta for korrupsjon. Økokrim granskar saka og den nye leiinga i dei kommunale selskapa prøver å finna ut kva slag verdiar som finst, kva som er privat og kva som er kommunalt.

Det siste funnet Aftenposten melder om i dag, er altså ein utstoppa gepard. Den stod i ei øskje på eit lagerrom i vassverket der det også fanst utstoppa dyrehovud av ymse slag og utstoppa firbeinte dyr frå dei afrikanske jaktmarkene. For skattebetalarane og dei folkevalde på Nedre Romerike må det bli interessant å få vita kva desse livlause skapningane frå det fjerne Afrika har å gjera med vassforsyning og kloakkreinsing i romeriksbygdene.

I vassverkgarasjen stod det fleire bilar, nokre splitter nye, andre i veteranklassen. Bl. anna fann granskarane ein elegant Chevrolet Corvette frå 1960 som i alle fall ikkje eignar seg til slamkøyring - endå om han hadde påskrudd registreringsskilt henta frå ein av reinseanlegget sine tilhengjarar.

Nå må det understrekast at direktøren og medhjelparane hans ennå ikkje er dømde for noko av det dei er mistenkte for. Men etter kvart som nye avsløringar dukkar opp om dei interessante kommunale institusjonane på Nedre Romerika, skulle det ikkje undra oss om ein og annan kommunerevisor tar til å stilla seg spørsmål om det berre er i romeriksbygdene det foregår merkelege ting bak kommunale fasadar.



 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no