Blunkett -ein omstridd britisk politikarDen britiske arbeids- og pensjonsministeren David Blunkett måtte gå av i dag etter skuldingar om å ha blanda saman politikk og private forretningsinteresser. Det er andre gongen Blunkett blir tvinga ut av regjeringa.
Av Egil Johan Ree Publisert 02.11.2005 14:28. I britisk politikk er det ingen nåde for politikarar som ikkje følgjer spelereglane. Arbeids- og pensjonsminister David Blunkett har hevda at han var uskyldig, statsminister Tony Blair har støtta ministeren sin, men i dag vart presset for stort. Blunkett går ut av regjeringa.
For mindre enn eit år sidan måtte han også gå, den gongen som innanriksminister. Årsaka då var at han skulle ha skaffa opphaldsløyve på ureglementert vis til ei utanlandsk hushjelp som elskarinna hans hadde.
Før han i mai i år kom inn att i regjeringa, involverte han seg i eit konsulentbyrå og ein forskingsorganisasjon. I konsulentbyrået skulle han få om lag 100 000 kroner året i løn. Vidare kjøpte han aksjar i og fekk tittelen direktør for eit bioteknisk firma. Slike løna aktivitetar kan avgåtte regjeringsmedlemer ikkje driva før det har gått ei viss tid. Det finst eit eige uavhengig organ som skal passa på kva tidlegare ministrar har lov til å gjera, og ministrane har plikt til å konsultera dette organet. David Blunkett konsulterte ikkje, jamvel om han fekk åtvarande brev frå leiaren for organet.
David Blunkett har eigentleg hatt ein strålande karriere. Han kjem frå enkle kår og har hatt større vanskar enn dei fleste for å koma seg oppover. Forutan å slåss mot sosiale fordomar, har han måtta kjempa med det handikap det er å vera blind. Han var den første blinde som fekk plass i ei britisk regjering. Ute brukar han førarhund, og ein av desse hundane kom på førstesidene då han kasta opp på golvet i Underhuset medan ein representant for opposisjonen hadde eit innlegg med kritikk av Blunkett.
Den blinde statsråden har også hatt eit privatliv som ofte nok har vore på førstesidene. Den tidlegare nemnde elskarinna var ei gift dame. Ho fekk etter kvart eit barn og som Blunkett gjekk til retten for å få prova farskapen til. Seinare har det og vore turbulens omkring ei ung elskarinne som fortalde intime detaljar til avisene om forholdet til politikaren.
David Blunkett har lenge vore omstridd politisk, særleg for utspel han kom med då han var innanriksminister. Nå var det meininga at han skulle stå i spissen for den viktige omstillinga av det britiske trygdesystemet, men etter det som skjedde i dag, må statsminister Blair finna ein ny person til å gjennomføra dette.
|