skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Usemje om røykeforbod i Storbritannia

Den britiske regjeringa skulle i dag ha presentert eit lovframlegg som forbyr røyking på offentlege stader, men usemje i regjeringa har ført til at britane må venta endå ei stund før dei får vita kvar dei kan røykja.
Av Egil Johan Ree

Publisert 26.10.2005 14:27.
Nå er det snart britane sin tur til å slita med røykesuget når dei går ut for å eta og drikka. I mange land er det innført røykeforbod på pøbbar og restaurantar, men i Storbritannia har styresmaktene nølt med innføra reglar. Lenge har dei diskutert kor strenge eventuelle reglar skulle vera, og omsider var det kome så langt at eit lovframlegg skulle presenterast. I dag skulle det skje, men nå melder britiske media at saka er utsett. Regjeringsmedlemene blir ikkje samde seg i mellom. Det skal ha vore harde tak i går på møtet der røykeforbodet vart diskutert.

Som i andre land, går diskusjonen på korleis ein skal vega helseomsyn opp mot fridomen for den einskilde til å iføra seg nikotin. Den britiske regjeringa er instilt på å innføra røykeforbod på stader der det blir ete og drukke, men då med visse unntak. I valprogrammet til det britiske arbeidarpartiet står det at klubbar og pøbbar som ikkje serverer mat, skal sleppa røykeforbodet. Det har ført til hissige protestar frå fagorganiserte og anti-røykjarar som hevdar at då vil serveringsstadene slutta med matservering for å trekkja røykjarane til seg.

Helseminister Patricia Hewitt kom med eit kompromiss som gjekk ut på at pøbbar skulle få lov til å ha eigne røykerom der personalet slapp å servera drikkevarer. Det likte ikkje anti-røykjarane i regjeringa. Og dessutan vart det diskusjon om forbodet også skulle gjelda private klubbar der det og er servering, men der berre medlemer slepp inn. Helseministeren ville gjerne ha røykeforbod der også, og det var det mange som ikkje likte. Private klubbar må ha rett til å laga sine eigne reglar, blir det hevda.

Nå er det kaos, skriv avisene. The Times harsellerer med helseministeren som har vedgått at det faktisk finst folk som likar å ta ein sigarett til halvliteren. Folk flest er trøytte og leie av å bli fortalde korleis dei skal leva, skriv avisa i ein leiarartikkel. Når helseministeren er så uklar i spørsmålet om røyking, korleis skal ho greia å ta seg av fugleinfluensaen dersom den utviklar seg til ein pandemi? spør The Times.

Førebels kan altså britane røykja så mykje dei vil når dei går ut for å eta og drikka, men med tid og stunder må dei nok ut på gata med sigaretten, dei og, nett som i Irland, Noreg og mange andre stader.







 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no