Trugsmål mot pikante avsløringarI England kan det bli slutt på at embetsmenn og spesialrådgivarar for regjeringa tener pengar på å gi ut bøker etter at dei har slutta i jobben. Regjeringa har planar om å la pengane frå slike bøker tilfalla staten.
Av Egil Johan Ree Publisert 12.10.2005 14:03. Avtroppande statsminister Kjell Magne Bondevik skal bruka den komande fritida si til å skriva bok om livet som politikar og regjeringssjef. Slike bøker har vi mange av her i landet. Avdanka politikarar har samla mange notatar frå livet i rampelyset og blir gjerne gripne av skrivekløe når dei er ute av kontora og korridorane. Forlaga presser og på for å få dei til å skriva.
Både publikum og politiske journalistar set pris på slike memoarar, sjølv om alle veit at bøkene må lesast med kritisk blikk fordi det er klart at forfattarane kjem med sin eigen versjon av det som hende og sjeldan skriv noko som kan setja dei sjølv i dårleg lys.
I England er tradisjonen ein annan. Her er det ikkje uvanleg at spesialrådgivarar for statsministeren eller regjeringa, tidlegare høge embetsmenn og andre som i periodar har arbeidd i maktas inste korridorar, er raske med å gi ut bøker om det dei såg og høyrde. I slike memoarar kjem det gjerne pikante avsløringar både om politiske saker og meir personlege forhold. Forlag og aviser betalar godt for slike interessante detaljavsløringar, så mang ein tidlegare rådgivar eller embetsmann har skaffa seg ei solid påplussing på pensjonen.
Slikt er sjølvsagt irriterande for politikarane som sit med makta, og nå kan det sjå ut som dei vil ha slutt på det. Regjeringa har fått ein ny sekretær, Sir Gus O'Donnell, som meiner at staten bør ha råderett over innhaldet i slike memoarar og dermed og få inntekta frå dei.
Den aktuelle bakgrunnen er ein artikkelserie av ein tidlegare informasjonsmedarbeidar i Downing Street som antydar at statsminister Tony Blair eigentleg sette pris på å kunna bomba Irak, trass i alt snakk om at han gjorde det med tungt hjarta. Ein tidlegare regjeringsrådgivar har avslørt krangelen om økonomien mellom Blair og finansminister Brown, pluss at han har skildra kor sur Brown var fordi han ikkje greidde å bli partiformann.
Skulle regjeringssekretær O'Donnell få det som han vil, blir det nok mindre attraktivt å skriva avsløringar om livet i regjeringskorridorane. Det blir sagt at den tidlegare nemnde informasjonsmedarbeidaren fekk over ein og ein halv million kroner for artikkelserien med avsløringane om Blair og Irak-krigen. Hadde han visst at staten skulle ha dei pengane, ville han neppe ha tatt seg bryet med å skriva.
|