skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Kroppsbyggjarane i Nokas-saka

Den andre veka i Nokas-saka går mot slutten. Til nå har fire av dei tiltalte gitt forklaringar, men vi har ennå ikkje fått høyra noko særleg om det som skjedde under sjølve ranet.
Av Egil Johan Ree

Publisert 29.09.2005 15:43.
Her er mange detaljar som skal på bordet i Nokas-saka. Ein etter ein er dei tiltalte blitt førde fram i vitneboksen etter at fotlenkene er tatt av dei. Med eigne ord skal dei fortelja kvar dei var og kva dei gjorde før under og etter ranet og kva kontakt dei måtte ha med dei andre som er tiltalte. Rettsformannen, sorenskrivar Helge Bjørnestad leiar dei gjennom forklaringane med stadige spørsmål. Kva skjedde så, spør Bjørnestad, og kva tenkte du då? Av og til har han tørrvittige kommentarar som løyser opp stemninga i rettssalen, men han brukar ein mild og respektfull tone når han snakkar med dei som sit i vitneboksen.

Litt kvassare blir det når aktorane får sleppa til. Dei terpar på detaljar og slår seg ikkje til ro med unnvikande svar. Til slutt får forsvarsadvokatane høve til å utdjupa ting med klientane sine.

Fire mann har vore i vitneboksen til denne tid: Erling Havnå og Alf Henrik Christensen frå Arendal, Dan Pettersen og ein 26-åring som begge kjem frå Stavanger-Sandnes-distriktet. Dei tre første er sikta for grovt ran med døden til følgje, den siste berre for medverknad til grovt ran. Felles for dei alle er at dei er kroppsbyggjarar som flittig går i treningsstudio. Den sistnemnde, 26-åringen frå Sandnes, har forsynt folk i dette miljøet med anabole steroidar som han har selt for hovudpersonen i ranet, David Toska.

Dei tre første, som alle har den alvorlegaste siktinga mot seg, har skaffa seg eit truverdeproblem fordi dei først har loge i politiavhøyr og så har kome med andre forklaringar i retten. 26-åringen er den som har verka mest truverdig. Han er kamerat med Dan Pettersen, men det spørst kor nært kameratskapen blir etter dette, for 26-åringen slo beina under mange av dei forklaringane Pettersen kom med i går.

Til denne tid er det mest det som skjedde før og etter sjølve ranet, vi har høyrt om. Og det spørst kor mykje dei kjem til å snakka om ranet, dei som i vekene framover skal i vitneboksen. Med unntak av David Toska, som har tilstått, kjem dei truleg til å nekta for at dei var med.

I morgon skal retten ha pause, for då skal det avgjerast i ein annan rett om advokatane skal få innsyn i avlyttingsmateriale som politiet framleis held tilbake. Neste veke blir det nye forklaringar frå dei som ennå ikkje har vore i vitneboksen.



 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no