skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Nokas-rettssaka i gang igjen

Etter ein pause på nesten ei veke kom Nokas-saka i gang igjen i dag. For første gong fekk vi av ein av dei som var med, vita litt om det som hende under ranet.
Av Egil Johan Ree

Publisert 26.09.2005 14:53.
Det var ikkje like mykje oppstyr i dag som sist måndag då Nokas-saka tok til i Stavanger. Det er visst ikkje naudsynt lenger med helikoper for å overvaka luftromet over vegen der dei tiltalte blir frakta frå fengslet til rettsbygningen. Men vi som brukte motorvegen for å koma oss sørover frå Stavanger i dag tidleg, måtte køyra til sides litt over klokka åtte. Då kom den eine fangetransporten med sirener og blinkande blålys; ein grå pansra bil utan vindaugo med ein vanleg politibil framfor og ein bak.

Ei viss spenning var det då rettsformannen, sorenskrivar Helge Bjørnestad, slo klubba i bordet og forkynte at retten var sett. Nå hadde det vore pause sidan sist tysdag slik at forsvarsadvokatane kunne få gå gjennom materialet frå telefonavlytting og annan kommunikasjonskontroll som aktoratet først ikkje ville gi frå seg. Men aktoratet held framleis tilbake ein del av dette materialet og vil ha ei rettsavgjerd på om det kan utleverast. Spenninga knytte seg til om forsvarsadvokatane ville be om ny utsetjing. Det gjorde fleire av dei, men dei fekk ikkje retten med på det.

Så var det omsider klart for den første som skulle forklara seg. Dei 13 tiltalte har til nå site saman med advokatane sine til høgre for domarbordet. Der fekk dei vera då dei sist måndag vart spurde om personalia og om dei kjende seg skuldige etter tiltalen. Når dei nå skal forklara seg, må dei i vitneboksen og stå andlet til andlet med domarane. Før Erling Havnå kom fram som førstemann i dag, bestemte rettsformann Bjørnestad at så lenge dei tiltalte var i vitneboksen, skulle dei sleppa dei mykje omtalte fotlenkene som dei elles må gå med utanfor fenglset.

Dei fleste som sit på tiltalebenken i denne saka, er velkjende med rettssaker. Dei har domar og fengselsstraffer bak seg, men Havnå er tidlegare ustraffa, så for han var det nok uvant å stå framfor domarane. Han var til tider ukonsentrert og måtte av og til ha hjelp frå rettsformannen for å koma seg vidare. Han er ekstremt gløymsk, sa han sjølv og viste til at han har fått mange slag mot hovudet i alle dei år han har drive med kampsport. Han vedgjekk og at det i periodar har vore mykje alkhol inne i biletet.

I dagane og vekene framover skal vi få høyra kva dei andre har å seia. David Toska kjem aller sist. Det vi ikkje kjem til å høyra, er at nokon av dei snakkar om andre enn seg sjølv. I denne gjengen er det streng justis. I slike saker sladrar enn ikkje om andre.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no