skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Pocket-Bibel for travle folk

I England har dei nå lansert ei forkorta utgåve av Bibelen. Den skal vera for moderne, travle menneske som ikkje har tid til å lesa heile boka.
Av Egil Johan Ree

Publisert 22.09.2005 13:56.
Vi har det travelt i våre dagar. Det er mykje som skal gjerast på jobben og heime. Fjernsynet krev sitt i den vesle fritida vi har, avisa kjem kvar dag og Se og Hør må studerast kvar veke. Det er ikkje enkelt å få tid til å lesa bøker, slett ikkje Bibelen som står der i hylla hos dei fleste. Den er dessutan så umåteleg omfangsrik, - om lag 1400 sider er det i den utgåva som finst her i huset. Språket er dessutan høgstemt og stundom ganske rart, og forfattarane slår om seg med underlege bilete som ein ofte må bruka tankeverksemd på å forstå. Bibelen er rett og slett lite brukarvennleg.

Nå har britiske teologar tatt konsekvensen av dette og laga 100 minuttars-Bibelen for det moderne mennesket. På vel halvannan time skal ein kunna lesa seg gjennom heile boka, som kjem i pocket-format og ikkje er på meir enn 57 sider. Dagens lesar skal få med seg heile den heilage skrifta på om lag like lang tid som det tar å sitja seg gjennom ein fotballkamp.

Teologane i England må ha stor tru på den nye bibelversjonen, for boka vart lansert i sjølvaste Canterbury-katedralen, hovudsetet for den anglikanske kyrkja. Presten som har stått for arbeidet med forkortinga har brukt to år på jobben. Vi har ofra poesien for å gjera boka tydelegare, seier han. Han har brukt vanleg prosa utan slang, og den nye bibelversjonen er ikkje inndelt i kapittel. Salmane og Mosebøkene får ei side kvar, men dessverre er det blitt naudsynt å utelata nokre avsnitt som f.eks. boka om Rut.

Til gjengjeld er det tatt med kart som blant anna syner kvar Sodoma og Gomorra låg og kor langt det var frå Nasaret til Betlehem.

Omstendelege historier som den om gjetarane på marka som drog til Betlehem for å sjå den nyfødde Jesus er kokte ned til ei setning: "Gjetarane gjekk til Betlehem, besøkte familien og gjorde det kjent at dette var eit svært spesielt barn".

Utgivarane vedgår at det ikkje nett er noko evangelisk dokumet dei har laga, men ein versjon for interesserte utanforståande, særleg ungdom som ikkje har kjennskap til Bibelen.

Så står det att å sjå om den komprimerte pocket-Bibelen blir ein bestselgjar slik utgivarane trur. Han blir neppe pensum på presteskolane, men han hadde blitt det, kunne vi sikkert unngått dei mange spissfindige tolkingane og opprivande meiningsskilnadene som teologar til alle tider har drive med etter å ha grave seg ned i den fullstendige teksten.







 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no