skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Farlege fabeldyr

Kristne friskolar har refsa utdanings- og forskingsministeren fordi det vart brukt tekstar med omtale av fabeldyr i dei nasjonale prøvane. Ministeren lovar at det seinare ikkje skal bli brukt tekstar som kan verka støytande.
Av Egil Johan Ree

Publisert 02.08.2005 14:48.
Trolldom og magi er skumle saker som folk til alle tider har latt seg fascinera av. I desse dagar er det millionar av barn og unge som frydar seg med Harry Potter, ungguten som har gått på trollmannsskole og kan skilta med magiske evner. I dei nasjonale prøvane som utdanings- og forskingsminister Clemet har fått i stand, har elevane og møtt trolldom og magi, då i form av underlege fabeldyr frå dei eldste historiske tider, einhyrningar og basiliskar, griffar og drakar. Merkelege skapningar som fekk fantasien i sving hos folk i mindre opplyste tider enn vår.

Elevane fekk til dømes vita at ein daud drake kan vera nyttig på mange vis. Blodet er ettertrakta blant alkymistar som vil laga gull. Augo kan turkast og kvernast til pulver som og kan nyttast. Merkelege historier som kan freista uskyldige barn til å gå på drakejakt og prøva seg på trolldomskunster.

Slik styggedom vil dei ikkje ha i dei kristne friskolane. Leiaren for samanslutninga av slike skolar har skrive krasst brev til fru Clemet og fortalt at tekstar av dette slaget er ubrukelege fordi innhaldet provoserer haldningar og kjensler og rører ved tabuområde. Tekstane bryt med verdigrunnlaget til mange foreldre, elevar og skolar, skriv den kristne leiaren.

Dei likar nok ikkje Harry Potter heller, dei som har slik omsut for ungane i dei kristne friskolane. Fabeldyr og drakar og trolldom høyrer hedenskapen til. Det kan vi jamvel lesa om i Bibelen der Johannes' openberring fortel om dyr og menneske med seks venger med augo både rundt om og under, og vi kan lesa om ein eldraud drake med sju hovud og ti horn.

Fabeldyr har vi såleis omgitt oss med i uminnelege tider, for fantasien kjenner få grenser, men det skal vel godt gjerast å innbilla barn i vår rasjonelle tid om at dei er noko anna enn nettopp fabeldyr.

Kristin Clemet har etter det Dagsavisen fortel, skrive svar til friskolane og forsikra om at det i framtida ikkje skal brukast tekstar som kan verka støytande på elevgrupper. Så kan vi vel venta oss at folkeeventyra våre og snart er ute av skolen. Det kan ikkje vera meininga at vi skal provosera ungane sine haldningar og kjensler med å la dei lesa om tussar og troll, nissar og alvar og andre fæle skapningar.





 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no