skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Den gode olivenolja

Tørken i Spania i år gjer at produksjonen av olivenolje blir langt mindre enn vanleg. Alle som brukar mykje olivenolje i matlaginga, kjem til å merka at olja nå blir dyrare.
Av Egil Johan Ree

Publisert 27.07.2005 14:20.
Skal du vera i pakt med tida, må du bruka olivenolje i maten. Det har alle dei skrivande og snakkande kokkane lært oss. Dei har vore utlandet for å studera kokkekunsten, og i det store utland, særleg i det sørlege Europa, blir det ikkje skikkeleg mat utan olivenolje. Vi her nord som ikkje kan rekna med å få oliventre til å trivast, heldt oss til margarin når vi skulle steikja våre kjøt- og fiskebetar, men nå står flaska med olivenolje på alle kjøkenbenker. Og Brimi og Barmen og alle dei andre har lært oss korleis vi skal halda fingeren framfor flasketuten når vi heller olje over salaten.

I desse dagar kjem meldingane om at vi snart må betala meir for dei edle dropane som vi har lært oss til å bruka. Det har vore katastrofal tørke på den iberiske halvøya i sommar, og det er frå dei kantar mykje av olja kjem. Spania er ein av verdas største produsentar av olivenolje. Landet leverer ein tredel av all den olja som blir selt på verdsmarknaden. Nå kan olivenhausten bli 30 prosent mindre enn normalt, og då reknar ekspertane med at prisen på olja kjem til å stiga.

Denne utrivelege meldinga har fått ein skribent i den engelske avisa Guardian til å fortelja oss kor viktig dette produktet er og har vore for folk i alle tider. Jamvel Adam skal ha sett pris på olivenolje. Legenden fortel at då han klaga over å ha vondt, sende Vårherre erkeengelen Gabriel ned med eit oliventre og sa at han skulle pressa olje ut av fruktene. Med den olja kunne han kurera alle slag sjukdomar. Som det står i avisa, så har vitskapen seinare prova at Vårherre hadde rett. Olivenolje er godt for mange ting, bl. anna for å førebyggja kreft og hjartesjukdomar.

I den greske mytologien var oliventreet viktig. På Akropolis skal gudinna Athene ha planta det første treet, og difor vart byen Athen oppkalla etter henne.

Den greske filosofen Platon som levde tre-fire hundre år før Kristus, grunnla akademiet sitt i ein olivenlund, og det blir påstått at eit tre i denne lunden levde like til 1980-åra, for oliventreea kan bli umåteleg gamle.

Nå sukkar bøndene i Spania når dei ser på olivenlundane sine. Det blir smalhans på dei fordi den tørre sommaren har fare så ille med trea. I butikkane våre blir det nok ingen mangel på olje, men vi må altså bu oss på å betala litt meir for henne enn vi gjorde i fjor.











 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no