skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Harry Potter for sjette gong

Ved midnatt blir den nye Harry Potter-boka lagt ut for sal . Millionar av menneske over heile verda står klare til å kjøpa boka.
Av Egil Johan Ree

Publisert 15.07.2005 14:48.
Ved eit uhell fekk ein ni år gamal gutunge i New York tak i den nye Harry Potter-boka denne veka. Han las nokre få sider, men gjekk med på å levera boka tilbake. Tilsvarande vart 14 bøker ved eit uhell selde i ein bokhandel i Canada. Ein domstol avgjorde at dei som hadde kjøpt boka, ikkje hadde lov til å røpa innhaldet. Uhella skapte overskrifter i aviser over heile verda, og så kan ein spørja om det verkeleg var uhell eller om det ikkje like godt var ein utspekulert del av den velregisserte reklamekampanjen framfor lanseringa av den sjette boka om Harry Potter.

For det reklamesirkuset som blir sett i gang når bøkene skal lanserast, saknar sidestykke. I bokhandlar over heile verda ligg millionar av bøker klare, vakta som juvelar, for ingenting skal koma ut før forlaget har gitt klarsignal ved midnatt engelsk tid. Då har forfattarinna J.K. Rowling køyrt med hest og vogn til Edinburgh slott i Skotland saman med 70 barn frå ulike land. Når ho tar til å lesa det første kapitlet i den nye boka, kan salet ta til.

Harry Potter-bøkene er blitt ein formidabel pengemaskin. Av dei tidlegare bøkene er det selt om lag 275 millionar eksemplar i 40 land. Nye millionar er prenta av den som kjem nå. Berre for den amerikanske marknaden er det gjort klart 10 millionar eksemplar. Forfattarinna J.K. Rowling, åleinemora som var pengelens då ho i si tid sette seg ned og skreiv den første forteljinga om Harry Potter, er nå blitt den rikaste kvinna i Storbritannia. I fjor var ho god for 10-11 milliardar kroner, fortel avisene. Frå i morgon av rullar nye millionar inn på kontoen.

Sidan millionar av barn har lese bøkene og sett filmane, finst det sjølvsagt alvorlege folk som er skeptiske. Den nye paven Benedikt 16. skal vera blant dei. Subtil førføring, seier paven om det overnaturlege universet bøkene skildrar. Det bryt ned kristendomen i sjela, meiner den heilage far i Roma. Men tidlegare har ein talsmann for Vatikanet sagt at han ikkje ser noko problem med bøkene. Det gode vinn over det vonde, og det er i samsvar med kristen moral, seier denne katolikken.

Ein annan som ikkje har noko imot bøkene er den britiske finansministere Gordon Brown. I eit fjernsynsprogram som skal sendast i kveld hyllar han Harry Potter og minner samtidig om at bøkene er ein av Storbritannias store eksportartiklar.


















 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no