President Bush og klimaetPresident George W. Bush vedgår nå at menneskeleg aktivitet kan vera årsak til klimaendringar på jorda. Ei anna sak er det om han har tenkt å gjera noko med det.
Av Egil Johan Ree Publisert 06.07.2005 14:19. Velkomen etter, president Bush, er det vel somme som seier i dag. I årevis har seriøse forskarar over heile verda fortalt oss at vi oppfører oss uansvarleg og slepper ut store mengder farleg stoff i lufta. Faktisk har vi halde på med det sidan den industrielle revolusjonen tok til på 1800-talet. Forskarane har påvist at utsleppa våre skaper den såkalla drivhuseffekten. Gjennomsnittstemperaturen på kloden stig, og det kan få dramatiske følgjer for livet på jorda.
Dei fleste land har innsett at det er slik, men ikkje alle i USA. President Bush og republikanarane hans har i alle fall aldri vilja seia det høgt at det er vi sjølv som kan vera skuldige i å øydeleggja klimaet. For dersom det skulle vera slik, ville det vera naudsynt å gjera noko med det, og det ville kosta mange pengar for den amerikanske industrien. Seinast for eit par dagar sidan sa president Bush at Kyoto-avtalen om reduksjon i utsleppa av klimagassar var ein elendig avtale for den amerikanske økonomien. For ikkje å snakka om at dersom amerikanarane skulle gå i gang med å redusera utsleppa, kunne det bli restriksjonar på bilkøyringa i USA. Då skulle det bli ramaskrik i dei millionar av amerikanske heimar.
Men etter det Norsk Telegrambyrå i dag melder frå København, skal den amerikanske presidenten ha sagt at han vedgår at jordoverflata er blitt varmare og at auken i utsleppet av drivhusgassar produsert av menneske, bidrar til dette problemet. Mon han kan vera inspirert av sin elles trufaste allierte i California, den republikanske guvernøren Arnold Schwarzenegger. Den tidlegare muskelmannen og skodespelaren sa i helga at den globale oppvarminga trugar California og at ein ikkje har noko anna val enn å setja i verk tiltak for å avgrensa utsleppa av miljøfarleg gass.
Nå står det att å sjå om president Bush trekkjer konsekvensar av si nye innsikt. Miljøet blir tema på G 8-møtet i Skotland som opnar i dag. Der skal dei bl.a. diskutera Kyoto-avtalen som Bush presiserer at han ikkje har noko til overs for. Han er for så vidt ikkje åleine om å meina at Kyoto-avtalen har mange svake sider, men det er ikkje sikkert at han har betre framlegg å koma med. Dei fleste trur nok at den største forureinaren i verda framleis kjem til å vera den viktigaste bremsa for effektive miljøtiltak.
|