skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Italia mot norske gladiatorar

I morgon spelar Noreg landskamp i fotball mot Italia på Ullevål stadion. Dei som ikkje har fått med seg kor viktig denne kampen er, har ikkje følgt med i timen.
Av Egil Johan Ree

Publisert 03.06.2005 14:37.
I Dagbladets splitter nye sportsbilag kan vi i dag nyta synet av landslagstrenar Åge Hareide fotografert på Ullevål stadion med lårkort skjørt. hjelm og brynje, høge støvlar og sverd. Av teksten går det fram at han har kledd seg ut som romersk gladiator. Biletet skal truleg hengjast opp i garderoben til dei italienske spelarane for å gjera det klart for dei kva slag overmakt dei møter når dei spring ut på grastustane på Ullevål i morgon.

I same bilaget møter vi John Carew under klassiske bogar i eit tyrkisk bad. Også han blir presentert av Dagbladet som gladiator. I går vart han omtala av trenaren som afrikansk gaselle. Sjølv slit han med at han ikkje får gå i fred i Tyrkia, men at han må finna seg i det fordi tyrkarane elskar han, som han seier.

Om John Arne Riise som, slik vi tolkar norsk presse, var den som nesten på eiga hand slo Milan i Champions League-finalen, er det ikkje lenger meir å skriva om reint sportsleg, så det vi kan lesa om han i TV2-Nettavisen i dag er at han går med belte og nøkkelkjetting til 4000 kroner og klokke til 100 000 og at han dessutan køyrer i ny Ferrari til tre millionar, kjøpt i Tyskland for halvparten. Som det så treffande står i avisa: "det er en investering som vitner om et høyt pengeforbruk".

Desse og nokre andre fotballspelarar er det som skal slå Italia i morgon. Vi har den største medkjensle med sportsjournalistane som i eit par veker og vel så det har brukt alle sine krefter og all sin fantasi for å førebu oss på denne lagnadskampen. Det er ikkje ein stein som ikkje er snudd, ikkje ein ankel som ikkje er granska, ikkje den sinnstemning som ikkje er analysert. Åge Hareide må ha fått frysningar på ryggen då han i går kunne lesa i VGs nye, lyseraude sportsbilag at Erik Hagen slit med både sjølvtilliten og formen.

Men Hareide ser visst optimistisk på morgondagen likevel. Vi skal sjokkera Italia, seier han. Planen er klar. Den sigarrøykjande moteløva Lippi som er trenar for italienarane, kan visst like gjerne ta laget med seg heim att før kampen, for den har vi alt vunne, om vi tolkar journalistane rett.

Men kamp blir det nok, og skulle det visa seg at italienarane yppar seg, får vi lita på Erik "Panzer" Hagen. Han har pugga italienske gloser som han skal sjikanera motstandarane med. "Vai in casino", skal han skrika - "Dra deg på horehus". Då skal nok italienarane få litt å tenkja på!


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no