Røkke vil byggja husKjell Inge Røkke vil byggja stort hus i strandsona i Asker, men kommunen nøler med å gi han byggjeløyve. Motstandarane viser blant anna til at det ikkje er godkjent reguleringsplan for området.
Av Egil Johan Ree Publisert 03.06.2005 14:37. Kjell Inge Røkke har mykje å stri med om dagen. I tillegg til å styra butikken, har han i vekevis måtta møta i retten for å forsvara seg i saka om det omdiskuterte båtsertifikatet. Nå møter han også problem fordi han vil byggja seg hus.
Den tidlegare fiskaren Røkke vil ut av byen og busetja seg ved sjøen. Han har kjøpt tre tomter på Konglungen i Asker. Tomtene ligg ved sjøen slik at han kan få seg kai der han kan fortøya reketrålaren sin. Røkke har nemleg tenkt å slå seg på reketråling, har han fortalt nyleg. Han har meldt seg inn i Indre Oslofjord Fiskarlag og har under bygging ein liten trålar. Den skal han i ledige stunder fanga reker med. Rekene skal han selgja frå båten ved Aker brygge. Det kan jo vera greit å spe på inntekta litt dersom skipsverft og slikt skulle svikta, og det nye huset han har tenkt å byggja, blir sikkert dyrt.
Det er nemleg eit ganske romsleg hus han har tenkt å setja opp på Konglungen. Det blir på 700 kvadratmeter og skal innehalda 32 rom. Ein mann som Røkke treng armslag når han kjem heim frå kontoret eller reketrålaren. Det skal sjølvsagt vera tennisbane og symjebasseng, og i garasjen skal det vera plass til 14 bilar.
For at ikkje det nye huset skal bli for dominerande i terrenget, skal det vera langstrekt og ikkje altfor høgt. Det strekkjer seg 50 meter langs bakken og seks meter opp i lufta.
Det er ikkje kvar dag kommunale styresmakter får søknader om slike anlegg på bordet, så det er vel ikkje så rart at det er delte meiningar i Asker om korleis dei skal takla saka. Administrasjonen i kommunen har sagt ja, for dei vil sikkert gjerne ha skattytaren Røkke som innbyggjar. Men politikarane i bygningsrådet er skeptiske. Jamvel representanten for FrP, partiet som elles vil at folk innanfor visse grenser får gjera som dei vil, synest huset til Røkke blir vel dominerande. Fleire andre meiner det same, og fleire meiner at Røkke får venta til kommunen har vedtatt reguleringsplan for området. Det kan ta minst eit år. I første omgang har bygningsrådet vedtatt å utsetja saka i to veker.
Dete er visst ikkje så enkelt å vera Røkke. Alltid er det nokon som blir skeptiske og vil stikka kjeppar i hjula når han kjem med storslagne planar om eit eller anna. Men til slutt plar han få det som han vil likevel.
|