skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Mannen som var Deep Throat

I går vart det avslørt kven som var kjelda til Washington Post-journalistane som avslørte den såkalla Watergate-skandalen. Nestkommanderande i FBI Mark Felt ga opplysningane som førde til at president Nixon måtte gå av i 1974.
Av Egil Johan Ree

Publisert 01.06.2005 15:11.
Omsider er lufta ute av ballongen. Den best bevarte løyndomen i USA er avslørt av hovudpersonen sjølv og stadfest av journalistane som brukte han som kjelde. I over 30 år er det blitt spekulert i kven han var, den mystiske mannen som Bob Woodward stadig møtte i ein dunkel garasje i Washington og som fekk kallenamnet Deep Throat etter tittelen på ein tvilsam pornofilm. Woodward og kollegaen hans Carl Bernstein i avisa Washington Post hadde lova å halda namnet hemmeleg til mannen var død.

I dag er Mark Felt 91 år gamal. Han har hatt eit slag og er ikkje lenger så oppegåande som han ein gong var. I 1970-åra var han nestkommanderande i FBI under den legendariske Edgar Hoover og hadde tilgang til all den dramatiske informasjonen det føderale byrået sat inne med i Watergate-saka. Avtalen med Bob Woodward var at han ikkje skulle gi dei ny informasjon, men stadfesta det dei hadde fått greie på frå anna hald og elles styra dei på rett veg i arbeidet med å avsløra skandalen.

Mange namn har vore nemnde i spekulasjonane om kven som var kjelde for dei to journalistane i Washington Post. Også Mark Felt er blitt nemnd, men i alle år har han hardnakka nekta for at det var han. Nå ser det ut som om familien har pressa han til å avsløra seg. I det ligg det tydeleg ei von om å få økonomisk utbyte av avsløringa.

Sjølv har han nok vore i tvil alltid om han gjorde rett då han valde å informera Bob Woodward. Han var ein lojal FBI-mann og påstår nå at når han gjekk inn i rolla som kjelde, var det for å gjera det som var rett og for å tena landet. Men mange peikar på at han kan ha hatt personlege motiv for å gjera det han gjorde. Det låg i korta at han skulle overta etter Edgar Hoover som sjef for FBI, men president Nixon utnemnde i staden ein av sine nære medarbeidarar. Det var eit stort vonbrot for Mark Felt at han ikkje fekk den jobben.

Han følte og at Nixon og Det kvite hus motarbeidde FBI i arbeidet med å oppklara Watergate-saka, at Nixon i det heile var eit trugsmål mot FBIs uavhengige stilling.

Når han ikkje tidlegare har avslørt seg sjølv, var det truleg fordi han var redd for å bli stempla som illojal. Det blir han sjølvsagt nå av dei som stod Nixon nær og som i somme tilfelle måtte i fengsel for det dei hadde vore med på. Den erkekonservative Pat Buchanan som skreiv talar for Nixon, kallar Mark Felt ein forrædar. I USA kjem dei nok lenge til å diskutera om det var det han var, eller om han var ein helt.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no