Eit varsla jordskjelv i Los AngelesInnbyggjarane i den amerikanske byen Los Angels lever farleg. Geologar har nyleg oppdaga ei forkasting under jorda som ein eller annan gong kan utløysa eit stort jordskjelv.
Av Egil Johan Ree Publisert 26.05.2005 14:30. Folk i California veit at dei lever farleg. Jorda under dei rører på seg stadig vekk, og små jordskjelv kjem rett som det er. For eit snaut hundreår sidan vart byen San Fransisco nesten fullstendig øydelagt av jordskjelv. Om lag 3000 menneske mista livet. Det største skjelvet i Los Angeles i historisk tid skjedde i 1994. Då vart 57 menneske drepne, og skadene på byen kom opp i mellom to og tre milliardar kroner.
Men nå melder avisene i Los Angeles om eit skjelv som kan få langt meir dramatiske verknader for byen. For eit par år sidan oppdaga geologane ei såkalla forkasting som går rett under sentrum av Los Angeles. Med moderne datametodar har ekspertane rekna ut kva følgjer det kan få for byen dersom det blir eit jordskjelv her med styrke 7,5 på Richter-skalaen.
Eit slikt skjelv kan kosta opp til 18 000 menneske livet. I verste fall kan opp mot 270 000 bli skadde og meir enn 700 000 drivne ut av husa sine. Den økonomiske kostnaden blir astronomisk. Det er eit av dei verste katastrofe-scenaria ein kan tenkja seg i USA, seier geologane. Men det verste treng ikkje plent skje. Dersom skjelvet kjem om natta då dei fleste er heime i sengene sine, kan talet på omkomne bli langt lågare. Verst blir det dersom jordskjelvet kjem ein vanleg kvardag om ettermiddagen då det er fullt av folk i sentrum.
Redningsarbeidet kjem til å bli vanskeleg, for det er ikkje sjukehus nok til å ta imot alle skadde. Vassleidningane kjem truleg til å bryta saman, så brannfolka kjem ikkje til å kunna gjera stort for å berga hus som brenn.
Hus kjem sjølvsagt til å rasa saman i eit sterkt skjelv, men mange av høghusa i Los Angeles sentrum vil kunna greia seg, fortel ekspertane. Mange av dei er bygde etter 1975 då det kom nye og strengare reglar for korleis hus skulle konstruerast for å kunna stå imot jordskjelv.
Alt dette kunne folk i Los Angeles lesa i avisene i går, men det spørst om dei søv noko dårlegare om nettene for det. For det er svært usikkert kva tid det store skjelvet kjem. Det kan koma i morgon, men det kan like gjerne gå 3000 år før det kjem. Det er altså ingen grunn til panikk, seier geologane. Risikoen for å døy av hjarteinfarkt eller i ei bilulykke er langt større.
|